Segestad 

Publisert av: Reisemål Stryn og Nordfjord

Segestad 

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    3,2 km
    1 time
    En vei
  • Sesong
    Mai - okt
Fjellbonde for ein dag

Levande historie! Lengst ute på ein fjellknaus, med utsikt over Oppstrynsvatnet, ligg den fråflytta garden Segestad.

Stien til Segestad, som snirklar seg opp fjellsida ved sida av den mektige Glomnesfossen, går ikkje berre opp i høgda, men tilbake i tid. Garden som er open for besøkande, gir deg unik innsikt i korleis fjellbønder levde, for berre nokre få generasjonar sidan. På garden finn du informasjonstavler om livet her i gamle dagar. Og på låven kan du hoppe i høyet.

Turbeskrivelse

Garden Segestad ligg fint til i munningen av Glomsdalen, på ei fjellhylle med eit bratt stup på 300 meter ned til Oppstrynsvatnet. For å kome til Segestad, må du reise til Hjelle i Oppstryn. Derifrå går vel 1 km på gardsveg til garden Glomnes. Her byrjar stien opp til Segestad, det er vanleg å rekne med ca 1 time på turen opp. Frå gardstunet (314 m.o.h.) er det godt utsyn til Hjelledalen, Erdalen, Strandsida og dei kjende fjella ikring. Ta gjerne med turkartet for Oppstryn for å sjå merka løype. Segestad har ein av dei mest særprega og storslåtte plasseringar av gardane i Stryn, ja langt utover kommunegrensene. Høgt og fritt ligg garden på ein framskoten rygg ved inngangen til Glomsdalen, oppe i nordsida ved Oppstrynsvatnet. Denne garden er ein gamal kulturskatt som er verdt å ta vare på. Han er eit prov på slit og strev, og at folk busette seg og levde av jorda på dei mest kronglete stader.

Segestad er ein av Fjordspor-turane - 20 magiske vandreopplevingar i Nordfjord www.nordfjord.no/fjordspor

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Parkering: Parkeringsplass rett før Glomnes. Parkeringsavgift.