Norheimturen

Publisert av: Stavanger Turistforening
  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Enkel
  • Lengde og varighet
    8,2 km
    2 timer
    En vei
  • Sesong
    Hele året
Det området som i dag vert kalla Bryne ligg på fleire gardar. Med gard meiner me då eit større område som består av fleire gardsbruk. Gardane er ordna etter nummer - forkorta gnr. Gardsbruka har såkalla bruksnummer – forkorta bnr. Bryne ligg på fem gardar: Gnr. 1, Bryne; gnr. 2, Rossaland; gnr. 3, Re; gnr. 4, Håland; og gnr. 19, Norheim.

Denne turen startar du ved Time rådhus, som vart bygd på ei utfylling i Frøylandsvatnet i 1964. Turen kan gjerne starta ved inngangen til friområdet Sandtangen, eigd og utvikla av den ideelle foreininga Brynes Vel (stifta som eit andelslag i 1924).
Første strekket går på gangstien langs Røyrvika, på nordsida av rådhuset. Nyt fuglelivet i det freda området! Du kan gå ut ved Sivdamsenteret, eller du kan gå på stien opp frå Sivdamheimen. I begge tilfella kjem du ut på gang- og sykkelstien langs nordsida av Arne Garborgs veg.
Ved Essostasjonen kryssar du Kvernelandsvegen og går sørover langs Kong Haakons veg med Kiwibutikken på høgre sida. Når du kjem til Nyland barnehage tek du stien til venstre mellom husrekkene. Denne stien tek deg opp til Kvåle, eit område som viste seg å innehalda store funn frå fortida. Utgravingane i 2001- 2002 er eitt av dei største prosjekta Arkeologisk Museeum i Stavanger har utført, og gav vesentleg innsikt i jordbruket og levemåten i tida mellom yngre steinalder (4000-1800 f. Kr.) og bronsealderen (1800-500 f. Kr.). På dei såkalla Kvålehódlane (-haugane) har det vore drive jordbruk i over 6000 år. Her er det altså ikkje bare innsyn i fortida, for på toppen av feltet er det òg vidt utsyn over nærområda og mykje lenger!
På vegen vidare passerer du «Ungdomsskogen» og kjem ned på Garborgvegen og dei to barnehagane som ligg ved det vesle bustadområdet sør for skogen, Maurtua og Jærbarnehagen. Då er du på Norheim, som har gitt denne turen namn. Den vakre Norheimsgarden du nå ser mot nord, er tidlegare lensmannsgard i Time. På den garden budde den første store kjærleiken til diktaren Arne Garborg. Men då han skulle fri til henne fælte han seg av, og gjekk heim att!
Eit stykke inn langs FV 223, Brøytvegen, passerer du byggefeltet Eivindsholen, på høgre side. Turen endar ved eit bustadområde frå byrjinga av 1970-åra, Vestre og Austre Ring. Turstien inn dit går i parkliknande terreng forbi Austre Ring langs Eivindsholstjødna - «Tjødnå».
Etter å ha gått delvis rundt tjørna går så turen gjennom Eivindsholen. Namnet speglar på haugane rundt i dette området. Den høgaste holen ser du mot nordvest. Denne toppen heiter Rudlå. Rudla er jærsk for haug, så namnet er ikkje tilfeldig. Rudlå er òg eit stort friområde, og har fine akebakkar i fleire retningar – dersom det er snø! Du vil ikkje angra på at du la turen over sjølve Rudlå, for frå toppen ser du langt i alle retningar – i vinden!
På nordsida av Rudlå kjem du inn att på Kong Haakons veg. Denne fylgjer du til du ser Rossaland skule. På turen tilbake til rådhuset passerer du området for «kultur, næring og læring». Time bibliotek, som vart kåra til Årets bibliotek i 2013, Nasjonalt Garborgsenter og Garborgstova, ein franskinspirert kafe. Her ser du og nye Bryne vidaregåande skule reise seg. Den skal ha plass til ca 1500 elevar når den opnar i 2015. Høghuset, næringsbygg med 18 etasjar og 63 m høgt, viser godt igjen på flate Jæren. Tilbake på rådhuset har du gått ca 7 km.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Egnet startsted parkering ved Kinoplassen, Bryne sentrum