Kolheia

Publisert av: Stavanger Turistforening
  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Enkel
  • Lengde og varighet
    4,6 km
    1 time
    En vei
  • Sesong
    Hele året

Det området som i dag vert kalla Bryne ligg på fleire gardar. Med gard meiner me då eit større område som består av fleire gardsbruk. Gardane er ordna etter nummer - forkorta gnr. Gardsbruka har såkalla bruksnummer – forkorta bnr. Kolheia ligg på fem gardar: Gnr. 1, Bryne; gnr. 2, Rossaland; gnr. 3, Re; men Kolheituren er fort innom eit par gardar til, gnr. 4, Håland; og gnr. 19, Norheim.

Den nærturen som har fått namnet «Kolheia» har mange utgangspunkt. Me har føreslege området ved Bryne stadion (bygd 1946) som startplass, sidan det er parkering her. Men om du bur ein eller annan stad langs den føreslegne ruta er det bare å begynna der du synes det passar best. Denne turen er så godt som universell, og går stort sett i trygge omgjevnader.

Frå Bryne stadion går du vestover langs Trallfavegen. Namnet kjem av trallefabrikken, bedrifta som Nils Underhaug starta på området rett over stadion. Trallebygget er nå rive og nybygget skal bli ein del av nye Bryne vgs. Vidare går turen under jernbanebrua, før du kryssar Jernbanegata og går langs Orrevegen. Denne fylgjer du til du kjem til T-krysset ved Spødarbakken barnehage. Namnet skjemmer ingen, men ordet «spød» er nok gmln. for spyd, og har dermed lite med det meir koselege og ufarlege spøda – strikka på godt jærsk - å gjera.

Frå Spødarbakken går turen sørover langs Linevegen, som altså ikkje går til Line! Bustadområdet på høgre side heiter Austbø. Om du ser opp mot venstre ser du toppen på Kolheia, området som har gitt denne nærturen namn. Kolheinamnet kjem truleg av gmln. kòl i tydinga trekòl, og heidr – ubygd land, hei. Det skulle tyda på at dette var eit aude område der ein i fjern fortid dreiv med kòlbrenning. Det er det kanskje ikkje så lett å tenkja seg i dag!
Det som det imidlertid er lett å tenkja seg er at store deler av dette området for ikkje så mange år sidan var åkrar og beitemarker med aktiv gardsdrift. Ennå er det heldigvis aktive gardar i synsfeltet.

Ved innkjøringa til Austbøfeltet ligg Austbø barnehage, ein av dei eldste i kommunen. På venstre side ser du nå Jæren distriktspsykiatriske senter, og Bryneheimen, den eldste sjukeheimen i kommunen. Like etter tek du til venstre og går mot Hognestadvegen og bustadområdet Nubben. Der går du under jernbanebru nr. 2 (det finst i alt fire jernbanebruer, tre på Bryne og ei på Håland) og oppover bakken til første gong vegen deler seg.

Der du nå står, med Røsslyngvegen inn til venstre, har du eigentleg fleire muligheiter: Du kan velja den merka ruta. Du kan og ta Flintmakarvegen, eller du kan gå over Kringsjå, eller du kan fylgja Hognestadvegen vidare sørover og ta inn til venstre på Elisberget eller endå lenger sør: Tjødnavegen. Alle desse rutene, både den merka og dei andre forslaga, vil ta deg til Eivindsholstjørn.
Der vil du igjen ha fleire val: Du kan fylgja den oppmerka ruta på Solheimsvegen ned til Kong Haakons veg, eller du kan gå om bustadområdet Eivindsholen og opp på utkikkspunktet Rudlå. Turen går vidare gjennom Rossaland mot Rossaland skule (1972), vidare på Turvegen (!) forbi Time vgs. (1976) tilbake til Bryne stadion. Den føreslegne ruta er godt 4,5 km, men som du ser av kartet, kan ho både kortast eller gjerast lenger for dei som ynskjer det.
God nærtur - i vekslande men alltid jærsk vêr!

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Flere egnede startsted, men vi velger å starte ved Bryne stadion. På tur med turleder 31.12.2015 kl 10:00 er oppmøtestedet Bryne kino