Timeturen

Publisert av: Stavanger Turistforening
  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Enkel
  • Lengde og varighet
    4,7 km
    1 time
    En vei
  • Sesong
    Hele året
Timeturen går gjennom tre gardar. Med gard meiner me då eit større område som består av fleire gardsbruk. Gardane er ordna etter nummer - forkorta gnr. Gardsbruka har såkalla bruksnummer – forkorta bnr. Turen startar på gnr. 19, Norheim. Like etter er du på Nedre Time. Dei to Timegardane som har gitt kommunen namn er Øvre (gnr. 17) og Nedre (gnr. 18) Time. At nettopp desse to gardane gav kommunen namnet er kanskje ikkje så rart, sidan kyrkja med si lange historie ligg på Øvre Time, sentralt og godt synleg i bygda. I Timekrossen like bortanfor, der Krossavegen møter Vestlyvegen, var ei av dei første krambuene i «herredet», som det heitte den gongen. Bryne låg (som nå) i utkanten av kommunen.
Denne turen kan du starta ved bustadområdet Håbakken ved 1900-krysset (namnet kjem av den nye vegen til bygda som var ferdig det året). Her er det òg parkering. Mesteparten av denne turen går på gang- og sykkelveg, og er derfor nesten universelt utforma.
Gå over Håbakken bustadområde og over på Kvålefeltet til Brøytvegen, FV 223. Ved rundkjøringa mellom Brøytvegen og Garborgvegen fylgjer du den siste sørover, altså mot bygda.
Der Garborgvegen kryssar med Timevegen går du opp bakken mot Timekyrkja. Her er det ikkje gang- eller sykkelveg, men det er ganske oversiktleg, med fartsgrense 60 km/t. Det vakre huset til høgre like før kyrkja er prestegarden i Time, bygd i 1932.
Like etter prestegarden ser du det som er att av den første fastskulen i Time, teikna av Ingebret Mossige, og bygd i 1850. Her talte Lars Oftedal for første gong i Time, hausten 1869. Mellom tilhøyrarane var Eivind Garborg, far til diktaren, som gjekk både på «friskulen» og på lærarkurs i denne bygningen som stod her til han brann ned i andre halvdel av 1900-talet.
Timekyrkja frå 1859 er ei langkyrkje av Linstow type R. Ho vart teikna av Ingebret Mossige. Påbygget i søraust er frå 2001. Det er teikna av Per Line. Time kyrkje er soknekyrkja i kommunen, og gravplassane dekker alle krinsar utanom Undheim. Om vêret tillét det, kan du godt ta ein fredeleg tur på kyrkjegardane før du går vidare nordover mot Timekrossen. Eivind Garborg er gravlagd ved steingarden til venstre for inngangen til kyrkja. Den delen av kyrkjegarden som ligg rundt kyrkja er freda. Her er òg minnesmerket over dei som fall i 2. verdskrigen. Øvst i ei krå på den kyrkjegarden som ligg i nordaust finn du gravhaugen til malaren Ole Tjøtta. Ein gravhaug på ein vigsla kyrkjegard er noko av ein raritet.
Turen går i flott kulturlandskap med vid utsikt, med dyr på beite, og med gamle og nye steingardar langs ruta. Velhaldne gardsbruk vitnar om driftige bønder som tek vare på jorda.
På Krossen var det butikk frå 1881. Den gamle bunkersen, der dynamitten vart lagra, er framleis bevart.
Frå Timekrossen fylgjer du Krossavegen mot Norheim. Denne vegen var tidlegare ein del av vegen til prestegarden på Lye, og vidare til Gjesdal.
På høgre side av vegen nedover passerer du eit vakkert jærhus frå 1873, Digerneshuset. Like etter er du på Norheim. Den vakre garden til venstre har fått Time kommune sin kulturvernpris, og var i si tid lensmannsgard i Time. Det var her den femten år gamle Aadne Eivindsen Garborg i si tid tenkte seg på friarferd, men fælte seg av på vegen nedover bakkane, og gav opp heile frieriet. Norheimsgarden strekte seg tidlegare heilt ned til Frøylandsvatnet og grensa dermed til Brynegarden i vest. Den garden som i dag ligg ned til vatnet heiter Vassbø. Den vart i si tid delt frå hovudbruket på Norheim.
Gang- og sykkelstien går heilt ned til FV 556, Kvernelandsvegen. Den fylgjer du så tilbake til utgangspunktet.
Du kan sjølvsagt òg starta turen nærare Bryne sentrum. For eksempel ved Time rådhus og følge Nærtur 1: Norheim, frå sentrum og til Brøytvegen til du kjem innpå merkinga til Tur 5
God tur - i vekslande men alltid jærsk vêr!

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Parkeringsplass ved Håbakken bustadområde v/1900-krysset

Stavanger Turistforening