Sandtangen-Re

Publisert av: Stavanger Turistforening
  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Enkel
  • Lengde og varighet
    7,7 km
    2 timer
    En vei
  • Sesong
    Hele året

Det området som i dag vert kalla Bryne ligg på fleire gardar. Med gard meiner me då eit større område som består av fleire gardsbruk. Gardane er ordna etter nummer - forkorta gnr. Gardsbruka har såkalla bruksnummer – forkorta bnr. Det som i dag vert omtala som Bryne ligg på fem gardar: Gnr. 1, Bryne; gnr. 2, Rossaland; gnr. 3, Re; gnr. 4, Håland; og gnr. 19, Norheim.

Turen startar ved inngangen til Sandtangen og første delen ligg på Brynegarden. Du kan også starta turen ved handlesenteret M44.

Sandtangen er det største friluftsområdet på Bryne. Brynes Vel er eigar og forvaltar, til beste for alle innbyggjarane på staden. Parken på Geidahodnet, som er ein del av denne turen, er òg Brynes Vel sin. Les om dette på inngangsportalen før du startar turen!

Sandtangen har både lysløype og trimpark, i tillegg til andre stiar. Den delen av Frøylandsvatnet som ligg til området er freda. Både i skogen, røyrskogen og vatnet elles er det eit yrande fugleliv. Lyden av fuglane er balsam for sjela, så her er det bare å nyta! Turen går gjennom det som vert kalla «første» og «andre» skogen, og ut til «Kåstrup-» eller «Hålands-»holmen; namnet er avhengig av kor gammal kjentpersonen er! Det speglar på tidlegare brukarar eller eigarar, men er i dag ein del av Sandtangen. Det smale sundet mellom holmen og Måkaholmane på Vassbø (Norheimsgarden) deler Litla- og Storavatnet. Om du går her i sommarhalvåret vil du få ei øyredøyvande stadfesting av namnet Måkaholmane. Om det er balsam for sjela skal vera usagt!

Ved enden av skogen tek du til venstre opp den bratte bakken. Så ber det ut av skogen, under jernbanen og opp i Vardheia, bustadområdet som vart det første byggefeltet på Bryne, påbegynt like etter 1950. Turen går gjennom ytrekanten av Vardheia, og deretter over i bustadområdet Vardmyra, påbegynt i siste del av 1900-talet. I dette området finst det mange freda kulturminne, dvs. at dei er frå før 1537. Ørnahaugen kneisar på toppen mot nordvest, heva over hus og blokker i Kjelabrotet. Sør for bustadområdet, på Brynehaugen, ligg det eit anna freda område med kulturminne frå fjerne tider. Mange har kunna tenkja seg å bu der, men staden er altså på sitt vis oppteken!

Turen går over Brynehaugen, og forbi eitt av dei eldste villastroka på Bryne, Solhøgda, like ved Jæren Hotell. Like ved ligg Bryne kyrkje, bygd i midten av 1970-åra. På brua over Arne Garborgs veg er det fint utsyn over Mølledammen med Fritz Røed sine skulpturar både langs og i vatnet. Røed, som var fødd på Bryne, ville gjerne gje noko tilbake til fødestaden sin, og parken er eit resultat av ein ide og ein gjevarvilje frå kunstnaren og næringsdrivande på staden.
Ved Bryne Mølle frå 1929 går så turen forbi handlesenteret M44, som er føreslege som det andre startpunktet for denne turen. Nå forlet du Brynegarden, og er snart på Re. Bryneåna eller Roslandsåna har du på høgre side. Her finst det både sjøaure og laks for den som er heldig nok (og har fiskekort). Elva, som renn ut i Horpestadvatnet, markerer elles grensa mot naboen vår i nord, Klepp. Området på andre sida heiter Tjøtta.

Du kjem etter kvart til bustadområdet Refeltet, eitt av dei eldre byggefelta på Bryne, frå om lag 1960,og vidare ut langs Grødalandsvegen, som går til Orre. Du held deg på Regarden under RV 44, og går langs Orrevegen inn på Kringlemyra. Du passerer snart Bryne skule frå 1924, og seinare påbygd i byrjinga av 2000-talet; forbi Bryne ungdomsskule og langs Skulegata mot parken Geidahodne, som ligg på Brynegarden. Ta ein runde i parken, der fins det og sitjeplassar. Bryne vidaregåande skule, som ligg inntil parken, vart grunnlagt som Rogaland Off. Landsgymnas i 1924.Gjennom parken kjem du ned Ole Tjøttas veg, oppkalla etter den dyktige, men dessverre ulukkelege malaren. Nå går det beine vegen nedover både veg og trapper til du er tilbake ved Mølledammen og Lauritz Bellesens gate, oppkalla etter den først Brynepatrioten og forretningsmannen i Storgata.

Det siste strekket tilbake til utgangspunktet går langs Bryneåna på Holmen med den vakre restaurerte verkstadhallen. Gangstien tek deg under jernbanen og så er du i Sandtangen igjen. Då har du lagt opp mot 8 km bak deg, og kan med godt samvit setja deg ned og strekkja ut – før neste tur. God tur, i jærsk natur!

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Egnet startsted er Sandtangen, ved inngang bru