Grasdalenturen

Publisert av: Stavanger Turistforening
  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Enkel
  • Lengde og varighet
    4,9 km
    2 timer
    En vei
  • Sesong
    Hele året
Tettstaden Lyefjell eller litt feilaktig bare Lye ligg på gbr. 23, Lye, og på gnr. 22, Vestly. Med gard meiner me då eit større område som består av fleire gardsbruk. Gardane er ordna etter nummer - forkorta gnr. Gardsbruka har såkalla bruksnummer – forkorta bnr. Namnet Lye kjem eigentleg av det gammalnorske ordet får å lyga, men refererer truleg her til tingstad eller sakral samlingsstad.
Bustadområdet på Lyefjell vart etablert for å dempa utbyggingspresset på gode jordbruksareal på Låg-Jæren. Lyefjell ligg høgt og har vid utsikt over jærlandskapet og havet. Dei første husa på Lyefjell vart bygde i andre halvdel av 1970 – åra, og første hus vart flytta inn i i 1980. Pr 31.12.12 budde det 2 172 personar på Lyefjell.
Denne turen startar ved Fugleparken, like ved Lye stadion, som vart ferdig like etter år 2000. Her er det god parkering, og ein kan og koma med buss frå Bryne til Lye og gå av her. Turen går frå Fugleparken og opp gjennom skogen til gangstien ved Kvernfallvegen. Ta til høgre mot Helleberget og vidare på gangsti mot Harevegen.
Ta brua over Harevegen og nyt utsikta mot havet på veg til Mårvegen og vidare til Elgvegen. Turen går vidare mot Tjoatjørn, der du kan bade om sommaren og gå på skøyter om vintaren, viss det er kaldt nok. I sommarsesongen blir kvaliteten på badevatnet i Tjoatjørn analysert kvart 14. dag, og resultat publisert på www.time.kommune.no. Frå Tjoatjørn er det merka sti vidare nordover forbi Tjoatjørn og opp til ein gjerdeklyvar. Ta til høgre etter gjerdeklyvaren og følg merka traktorveg til du kjem ned på vegen som går til Ulvatjørn. Her tek du til høgre, passerer ei grind og fortset vidare mot byggjefeltet. Du kjem nå inn i det området som har gitt turen namnet Grasdalen.
Her ser du det siste utbyggingsområde på Lyefjell, Lyetoppen, som ferdig utbygd vil innehalda 200-bueiningar. Alt skjer på areal som ikkje er dyrkbart.Ein flott kvartalsleikeplass er alt ferdig opparbeida, og er vel verdt eit besøk. Her er leikeapparat, grillplass med gapahuk, ballbinge, skatepark og kunstgrasbane.
På vegen tilbake går du forbi Monsanut barnehage, før du fortset på gangsti tilbake til Fugleparken. Deler av turen går saman med Tur 2: Varden. I Fugleparken kan du ta ein pause, nyta nistepakka eller mata fuglane.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Parkering ved Lye idrettshall

Stavanger Turistforening