Topptur til Heljedalsnosi

Publisert av: Luster kommune

Topptur til Heljedalsnosi

Middels til lett tur gjennom ope fjellterreng til flott utsiktspunkt der du får dei dramatisk fjella i Hurrungane nært innpå deg. Høgdeskilnad: 170 m.

Turen startar på 1250 moh. Me er over tregrensa, og har godt utsyn heile vegen. Landskapet er oversiktleg, og ein kan følgja stien eller ta ei mindre bratt rute med fleire svingar oppover i terrenget.

På toppen har ein flott utsyn i alle retningar. I aust ruvar Steindalsnosi (2025 moh) med Fanaråken(2068 moh) i bakgrunnen. I sør breier Hurrungane-massivet seg. Her finn me det villaste og mest dramatiske alpine landskapet i Noreg, med 30 toppar over 2000 meter. Høgst er Store Skagastølstind (Storen) 2405 moh. Engelskmannen William Cecil Slingsby var den første som klatra Store Sagastølstind. Det var 21. juli 1876.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Parker ved Huldehaugen rasteplass på riksveg 55, om lag 1,5 km ovanfor Oscarshaug. Stien startar ved parkeringsplassen.