Hovden Barekstad - Store Skorekinna - Vemannsrøysa - Barekstad

Publisert av: Flora Turlag 
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    12,9 km
    5 timer, 30 minutter
    Turen går én vei, fra A-B
  • Sesong
    Mai - aug, okt - nov

Store Skorekinna er med sine 310 moh, den høgste toppen på øya Hovden. Utsikt vest i havet og ned på Kvannhovden fyr som vart bygd i 1895 og automatisert i 1980. 

Turen starter frå rutebåtkaia i Barekstad. Frå kaia går du til vegkrysset og tar til venstre på grusvegen. Gå omlag 1 km til skiltet som viser til Domba og Kvannhovden Fyr i Halshamrevika. Lett stigande terreng fram til Stegane, 79 moh. Det er bratt nedstigning men godt sikra sti med solid tretrapp og bolta handtau stykkevis ned til Dombevatnet. Vidare lett terreng. Dette var tidlegare skuleveg. Frå Domba er det lett terreng å gå rett nordover i, på berg og gras, små grunne myrparti og rullesteinbelte. Skiltpeikar ved Kvalvika viser deg til helleristingsfelt med tre båtformer frå bronsealderen på loddrett bergvegg nær sjøen. Dette er ein avstikkar frå stien. 

Du kan her komme inn på sporet om du går frå Uthamna i Spongsvågen til Florø Båtforening. Dit kjem du kun med privat båt. Følg den merka Nordsjøløypa nordover til du kjem til det opne området Dal / Dalshaugen. Ta av frå Nordsjøløypa og følg sporet på karte i noraustleg retning oppover langsmed Dalselva til omlag 170 moh. Her flatar terrenget litt ut. Drei nordover og oppover berget til du kjem til toppen og varden på Store Skorekinna. Herifrå ser du rett vest og ned på Kvannhovden fyr.

Dersom du ønsker, kan du gå ein fin rundtur attende til kaia. Frå Store Skorekinna går du då i austleg retnig til topp 301 moh. Gå ned mot Gåsvatnet og fortset på ryggen langs Gåsevatnet. I søre enden av vatnet kan du krysse over bekken/elva og fortsette opp mot Vemannsrøysa. Frå bekken/elva kan du finne eit tråkk, ta først litt sørover og opp skaret, drei vest og så nordover langs nakken og opp til toppen av Vemannsrøysa 238 moh. Vidare stien ned til Barekstad og rutebåtkaia.

Sporet er gått 28. mai 2021

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Rutebåt til Barekstad.

Adkomst med offentlig transport

Rutebåt
Annonse

Publisert av