Breidalen rundt i Gloppen Kommune

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 14,4 km
  • 7 t, 15 min
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 1213 høydemeter totalt
  • Sesong: Apr - okt

Breidalen rundt er ein nydeleg tur.

Vi går ifrå Gimmestadstøylen inn mot Breidalsvatnet. Her er god rås og moderat stigning.

Før vatnet skråar vi opp mot Busperaksla, her er det litt bratt og ulendt, men ikkje verre enn at vi klarar det!

Elva kan vere stor, så vassing over elva er eit godt alternativ. Her bør ein fylle vassflasker, for det er ei stund til ein kjem til vatten att.

På Busperaksla som dei lokale kallar fjellet, er eit av dei mange flotte utsiktspunkta på turen, der ser vi bl.a. rett ned i Langedalen.

Vi går vidare inn på aksla og kjem til eit smalt parti. Nokre kan reagere på høgda, men dei fleste taklar det. (Sjå på bilde og vurder korleis ein trur ein vil reagere på høgda.) Det er lett kliving, i 2014 er ruta re-merka akkurat der klivinga er.

Etter å ha gått ei stund rundar vi bort på Salen, her går vi etter vardar/merke som Byrkjenesmannen laga i si tid. Turen går ned att via Svarthammaren.

Kva rute ein vel å gå ned att frå Svarthammaren varierer. Det har litt med om det er vått, eller tørt.

På turen har vi utsikt til ulike delar av fylket. Vi ser bl.a. Sandane, Arnestadfjellet, Langedalen, Stoa, Ångsdalen, Gjengedalsvatnet, Mosedalen, Vistøylsegga, Gjegnen og til Snønipa og breen.

Ein fantastisk flott tur i Gloppen-natur!

Heile turen går i Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Kart 1:50000 - Ålfoten.

Gåtid er ca 7-8 timar.

Adkomst med egen bil

Frå Sandane køyrer ein mot sørsida, og tar av i Bukta der det er skilta mot Rauset. Køyr til øvre Rygg og ta av opp til bomvegen til Langedalen/Gimmestadstøylen.

Parker på parkeringsplassen til Gimmestadstøylen.
Annonse

on the path