Førde Rådhus - Korsavegen - Førde Rådhus

Publisert av: Indre Sunnfjord Turlag
  • Område
  • Type
    Sykkeltur
  • Gradering
    Enkel
  • Lengde og varighet
    3,2 km
    30 minutter
    En vei
  • Sesong
    Hele året
Ein flat, lett sykkeltur i Førde sentrum også for dei minste på sykkeltur med vaksne. All sykling i sentrum og på trafikkerte vegar krev merksemd i høve til bilar, gåande og andre syklistar. Start t.d. ved Førde Rådhus som stod ferdig i 2013. Ta over elva Jølstra på Langebrua sitt breie fortau, forbi Sparebanken Sogn og Fjordane og gå av sykkelen på det smale fortauet forbi Bettenhuset fram til fotgjengarovergangen i fylket sitt første lyskryss . Bettenhuset er eit av få større trehus att i sentrum som fortel om ei anna tid i Førde. Sykle på fortauet (på dei gåande sine premissar) forbi Coop sitt Domusbygg, ta til høgre inn Kyrkjevegen. Følg ein av dei eldste vegane i Førde sentrum forbi Førde barneskule og rundt kyrkjegardsmuren ved Førde kyrkje . Gå av sykkelen og kyss over til Hornnesvegen. Når ein no har gått av sykkelen kan ein stogge og sjå ned Garvarhola, der garvaren i si tid garva sine skinn. Følg Hornnesvegen forbi Sjøahola ved landbruksbru og vegen over Indre Øyrane. Her var i si tid Førde sitt sentrum med båtar inn fjorden og opp elva. Det som no er den stille Løken som ser ut til å gro att var i si tid elva Jølstra sitt løp. Det var ein storflaum i (17??) som fekk Jølstra til å møte fjorden ute ved Steinen slik ho i dag gjere. Her i Sjøahola låg både tingstova og skjenkestova. Hald fram på Hornnesvegen til Korsavegen der denne vert følgt vidare til venstre. Ta til venstre når Naustdalsvegen (rv. 5) møtast. Følg gang- og sykkelvegen heile vegen til over Storehagen bru.
Ta til venstre og følg Hafstadvegen attende til rådhuset.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Førde rådhus ligg midt i Førde sentrum, på sørsida av elva Jølstra. Gangavstand frå det meste.

Indre Sunnfjord Turlag