Orstadrunden

Publisert av: Stavanger Turistforening
  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Enkel
  • Lengde og varighet
    7,2 km
    2 timer
    En vei
  • Sesong
    Hele året
Parkering ved Orstad/Frøyland kyrkje. Turen går nordover langs Gamle Orstadveg. Denne gamle vegen var ei viktig ferdselsåre over Jæren, og ein finn ennå spor etter han nokre stader. Vidare går turen langs Fv 505 bort til Figgjoelva. I denne delen av Figgjoelva har ein framleis ein stor bestand av elveperlemusling. I tidlegare tider fiska jærbuane store mengder muslingar for å finna perler. Var ein heldig kunne ein finna velforma perler av høg kvalitet. I dag er muslingen ein truga art og er freda.
Turen går opp langs elva forbi fossen der kommunane Klepp, Time og Sandnes møtest.
Har du god tid kan du følgja trasèen for Ålgårsbanen langs elva. Vår tur går inn i Time kommune og over Kalberg. Området er prega av store masseuttak.
Etter ei tid langs vegen går turen inn i Kalbergskogen. Skogen er eigd av Jæren skoglag.
Ved pumpestasjonen til IVAR dreg du vestover og kommer tilbake til Klepp kommune.
Dette området er svært rikt på tilegare tiders kulturminne, så høgdedraget har vore nytta av menneske gjennom svært lang tid. Etter en kort tur gjennom bebyggelse er du tilbake ved parkeringa.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Flere muligheter, men vi velger å starte ved Orstad/Frøyland kirke

Stavanger Turistforening