Turstiar på Goddo

Publisert av: Bømlo Turlag

Turstiar på Goddo

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Enkel
  • Lengde og varighet
    4,2 km
    3 timer
    En vei
  • Sesong
    Hele året
Dette er eit populært og fint turområde både for turgåarar og båt-turister. Her er opent fint turterreng med store variasjonar i landskapet. Goddo er den største landfaste øya i Bømlo Kommune, og vestsida av øya ligg heilt ut mot Nordsjøen med blankskurte fjellparti, høge svaberg, øyar, holmar og skjær som storhavet baskar mot. Goddo Grendalag bygde første turstien frå Helgaplass til Barmane Friområde (1,1km) pluss flytebrygger og bruer i 1994. Goddo Grendalag står også for vedlikehald av løypene. Fint merka sti ved vegkanten. Hengebru, postkasse og turbok på vegen. Det er og ei løype rett under kuleradaren før du kjem til Såtedalen, Katla.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Denne løypa startar frå Goddebrua. Det er også mulig å starte fra Såtedalen, på Ånderå og på Helgeplass. Her kan ein parkera på Goddebrua, Helgeplass eller på Katla.