Norddalsfjord Gravplass - Tjofjell

Publisert av: Flora Turlag 
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    2,7 km
    1 time, 30 minutter
    Turen går én vei, fra A-B
  • Sesong
    Hele året

Turen startar frå gravplassen i Norddalsfjord. Gå på traktorvegen til du ser Litlevatnet rett fram og ei tretrapp opp til venstre. Gå opp trappa og følg stien vidare oppover ryggen på venstre sida. Stien følgjer stort sett fjellryggen oppover. Følg stien vidare oppover. På høgre sida ser du eit lite tjern. Fortset vidare oppover langs ryggen. Det ligg steinar på fjell/stein som viser stien vidare. I eit skar tek stien til venstre og du fylgjer søkket oppover til du kjem opp på høgda. Gå så over ei tverrgåande kløft og gå mellom to små tjern. Følg ryggen vidare utover til Tjofjellet. Stien er kronglete. Opp på Tjofjellet ser du ut til Florø og øyane utafor og innover i fjellheimen.

Høgde – 20 - 350 m o h

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Turen startar ved gravplassen i Norddalsfjord. Til Norddalsfjord Fv 544.
Annonse

Publisert av