Skorpa Blåkollen 

Publisert av: Flora Turlag
  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    3,2 km
    1 time, 30 minutter
    En vei
  • Sesong
    Hele året

Blåkollen frå rutebåtkaia. Følg vegen opp til krysset og ta til høgre vidare til du kjem til Skorpevatnet. Gå på sør/vest sida av Skorpevatnet. Rundt Vassfjellet på vest og litt på nord sida. Stien er godt merka vidare oppover. 393 moh er det høgaste punktet og derifrå er det ei fantastisk utsikt over Flora skjærgarden, til alle øyane, Bremanger i nord, innover til byen og til Askvoll sine øyar lengst sør. Ned att går du same vegen til kaia eller følgjer stien til Båsundet som går rundt øya.

Blåkollen frå Skorpeide: Det er ikkje rutebåtstopp på Skorpeide, men ein kan be rutebåten sette ein i land på veg utover til Skorpevågen. Det er ikkje merka sti, men ein går langs ryggen utover til Blåkollen.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Rutebåt til Skorpevågen eller Skorpeide Det er uthavn på Humreneset ved Æsøysundet