Norddalsfjord Solheim Skule - Frishatten

Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    3,0 km
    1 time, 50 minutter
    Turen går én vei, fra A-B
  • Sesong
    Hele året

Turen startar ved parkeringsplassen ved skulen på Solheim. Gå austover og over brua. Rett etter brua svingar du til venstre og inn på ein grusveg. Rett etter at du har passert ei ny lita bru tek du til høgre og på skrå opp på Langeberget. Langeberget er lett og fint å gå, med Furenesvatnet på høgre hand og Hopen til venstre. Etter Langeberget kryssar du ei lita elv, og går vidare vestover til du møter skogsvegen. Følg skogsvegen nesten til endes der det går ein «arm» av skogsvegen oppover til høgre. Følg denne til endes og sti vidare nordvest over til du kjem til Frishatten.

Når du er kommen til Frishatten og har hatt glede av utsikta sørover og austover ei stund, er det fint å gå vidare 500 til 600 meter nord/nord-vest til eit flott utsiktspunkt. Her får du ei storslagen utsikt over Gjelefjellet, Storevatnet, Fessevatnet og fjellområda rundt. I dette området er det mange rare furutrær, dei har vakse med sola og vridd seg. Stammane som er vridde er sterke og var tidlegare ettertrakta som gjerdepålar.


Slik kommer du deg dit

Adkomst med egen bil

Følg Fv 614 til Straumsneskrysset og vidare på Fv 644
Annonse