Svanøya - Sagevatnet rundt

Publisert av: Flora Turlag
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Enkel
  • Lengde og varighet
    3,7 km
    1 time, 30 minutter
  • Sesong
    Hele året

Følg vegen frå kaia til Svanøy Hovudgard, ta til høgre og følg vegen ca. 1,5 km til kryss, ta til høgre mot Marøy og følg vegen ca. 500 meter til Svanøy Havbruk.
Her startar turen på kartet. Stien er merka med grøne skilt ( lett tur ) og blå piler. Over demningen i enden av Sagevatnet er det ei gangbru og det er laga trappetrinn opp lia i furuskogen. Vidare i blanda skogsterreng med tidvis utsikt til vatnet og til sjøen nordover. Stien går vidare til Erikstadbrua i vestre enden av vatnet, gjennom både furu- og granskog og snart ut på bilveg. Ta til venstre her, følg vegen forbi Svanøy Grendahus, utsikt både til Sagevatnet på venstre side og Midtvatnet på høgre side. Flott rasteplass ved Mvatnet før ein følger vegen tilbake til kaia.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Rutebåt frå Florø. Eigen båt til Svanøybukt
Annonse