Svanøya - Kvalstadfjellet/Vågsfjellet

Publisert av: Flora Turlag
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    4,1 km
    2 timer
  • Sesong
    Hele året

For å komme til Kvalstad og Hjortesenteret som ligg 5 km frå rutebåtkaia i Svanøybukt på bilveg, kan ein køyre, sykle eller gå som tek ca. 1 time. Eller ta andre turstiar, sjå kart og løypebeskriving. Nordsjøløypa over Kvalstadmyra . Ein kan også legge til med eigen båt ved kaia på Kvalstad, 500 m opp til stistart, eller til Norsk Hjortesenter.
(Turalternativ til Vågsfjell: Kan starte ved Våg ved Grendahuset og gå bratt sti opp lia, kjem inn på stien "østre trasé" og føljer den vidare opp til toppen.)
Med utgangspunkt Kvalstad og Norsk hjortesenter må ein gå 250 m vidare på bilveg før ein kjem til stistart ved skilt. Dette er ein middels krevjande tur som er skilta med blå merker og blå piler. Stien er god å gå og startar med lett stigning i 400 m til skilt "Vågsfjellet rundt". Til høgre går ein "østre trasé" som er 1,9 km til toppen eller til venstre "vestre trasé" som er 3,0 km til toppen. Østre trasé går i åpent og lett kupert terreng, eit parti midtvegs er litt vått, litt stigning til ein når toppen av Vågsfjellet som ligg 235 moh. Skogen på Vågsfjellet er for det meste furu, blanda med einer og kristtorn. På våren veks det mykje kusymre (primle) her. Det er fleire utsiktspunkt undervegs som gir flott utsikt over øya og skjærgarden, og overalt finn ein hjortetråkk. Frå toppen er det fantastisk utsikt 360 grader rundt; sørvestover til Alden "Den Norske Hesten", Askrova i nordvest og Florø by i nord. I vestre trasé har ein stundom flott utsikt gjennom furuskogen sør og vest i havet, og ein går gjennom eit parti av skogen som blei stygt herja av nyttårsorkanen i 1992.
Tidsbruk: Tur/retur til toppen tar 1,5 time i østre trasé og vestre trasé ca 2 timar .
Start frå Kvalstad Rundtur 5,3 km
Start frå Kvalstad 4,6 km

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Rutebåt frå Florø. Egen båt till Kvalstad eller Svanøybukt
Annonse