Moane Norddalsfjord til Midbønipa / Midtbønipa 

Publisert av: Flora Turlag
  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Krevende
  • Lengde og varighet
    5,1 km
    2 timer, 30 minutter
    En vei
  • Sesong
    Mai - nov

Følg vegen frå idrettsplassen i ca. 300 meter og ta av til høgre ved pilskilt til Midtbøstøylen. Stølsvegen er godt merka og god å gå. Opp Brekka er det litt bratt og ein kan unne seg ei rast på Kvilet og reflektere over Vinje sine ord: «Å kvile på vegen gjev styrke i bein, og kan du, så bør du det gjera». Følg stien vidare til støylen der sela ligg på rekkje langs ein bergknaus. Dei sju sela på støylen er mykje brukt. Frå Midtbøstøylen kan du gå vidare til Midtbønipa. Det er godt merka sti austover i lett terreng. Ved «vegskillet» ca. 1,5 km aust for støylen må du følgje pilskiltet mot Lykkjebøen / Løkkebø. Vidare forbi Gokleiva og opp Rognebakkane der det er litt bratt. Snart er du ved Varden, ein stor stein, der er det eit pilskilt som viser veg til Midtbønipa. Det er ca. 250 høgdemetre opp og stien er merka med små vardar.


Turen er teikna inn og ikkje gått med spor. Derfor ei rettsnor til trace.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Fylkesveg 644 til Moane - Idrettsanlegget i Norddalsfjord