Torvedalshytta - Målset( Vikafjellet )

Publisert av: Voss Utferdslag
Annonse

Om turen

Ved start i Torvedalen går du rett nord,og aust for Grøndalsvatnet, på vegen må du vade over elva i Asbjørgdalen. Vidare frå Grøndalen kryssar du brua nord for Grøndalsvatnet og vidare nordvest til stikrysset mellom Selhamar og Målset.
Fylg skiltinga mot Målset til stølen i Skjervheimsgrøndalen og vidare på nordsida av Svartavatnet. Rett etter Tverrgavlane dreiar stien nordover på austsida av Holmavatnet. Her kryssar du ei bru og fyl vestsida av Kringlevatnet og forbi Lars-Olavatnet, på vestsida, til fylkesgrensa på riksveg 13 ( Vikafjellsvegen ) På austsida av vegen går stien vidare nordaust og vest for Kringlevatn til stikryss og vidare rett nordover til riksvegen ved Hestavollen. Her fyl du grusveg ned til austsida av Målsetvatnet kor du møter sti. Over bru til nordenden av Målsetvatn og over dammen, vidare på grusveg austover til hytta. NB! På Målsethytta må du ha med DNT nøkkel. Turen er rekna til å ta mellom 10 og 12 timar.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Til Torvedalen frå Gulbrå, eller Engjaland ( Reppane )

Varsel

Annonse

Publisert av

Voss Utferdslag