Ålfotbreen Blåbrebu til Gjegnabu.  Fottur

Publisert av: Flora Turlag

Ålfotbreen Blåbrebu til Gjegnabu.  Fottur

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Ekstra krevende
  • Lengde og varighet
    21,9 km
    10 timer
    En vei
  • Sesong
    Aug - okt

Dette er ein lang og krevjande tur som berre bør gåast i fint vær. Til fots må ein rekne med 14 timar, enda meir dersom dårleg sikt. . Til fots må ein gå i tau, og bruke broddar om det er lite snø. Snø- og bretilhøva varierer svært mykje frå år til år.

Sporet som ligg ute blei gåttt hausten 2016. Ruta er best å gå sommar eller haust.

Fotturruta er merka frå Blåbrebu og opp til brekanten. Resten av ruta går for ein stor del over bre, og er ikkje merka. Start med å gå vest og sør for det vesle vatnet, like søraust for Nye Blåbrebu. Følg merkinga sørover ei stor, brei hylle. Ta av bratt oppover til venstre. På ein stad er det ein vanskeleg passasje, om lag 15 m. Vis stor varsemd der. Det er satt opp stige. På ruta oppover mot breen er det satt opp 5 store vardar nummererte med romartal. Ruta er merka opp til Varde V som står heilt oppe på flata om lag 1 km sørvest for topp 1310. (NB! Når ein går motsett veg, er det avgjerande viktig å finne Varde V og merkinga før ein startar nedstiginga!) Frå Varde V gå like sør for topp 1310, eit stykke nord for topp 1331 og kryss Blåbreen med kurs litt sør for topp 1294. Rund breen nokså nær fjellet og gå opp på fjellet til venstre der det ser bra ut. Sjå opp for sprekk mellom breen og fjellet! Hald fram til høgste punktet på Ålfotbreen. Gå vidare austover langs høgste ryggen på breen til topp 1281. Ta kurs mot nordsida av Kvannbotnfjellet der det ligg ein liten bre. Gå anten over nederste del av breen eller kloss nord for breen til litt sør for vatn 866 som er det austlegaste i rekkja til venstre. Gå opp ei skor som startar eit stykke sør for vatnet og skrår oppover litt mot venstre til lågaste delen av ryggen vest for Z-vatnet. Følg toppen av denne ryggen i sørleg retning til det blir naturleg å dreie mot aust til toppen av Gråfjellet. Breen kan ha stygge sprekker. Frå toppen eller like sør for toppen, ta kurs mot topp 1216 som ligg om lag 400 m sørvest for Gjegnabu.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Sjå omtale om ruta til Blåbrebu og Gjegnabu