Turen går på ein gammal ferdselsveg mellom bygda Vollset i Sunnylven kommune og Flo i Stryn kommune. Starter ein på Vollset går turen slakt oppover heilt til ein kjem til Flofjellhytta. Der i fra går det bratt ned til bygda Flo ved Oppstrynsvatnet. Dette er ein fin familietur og det går fint å ta med vogn. Turen er også populær som sykkeltur. På enkelte parti må ein være ekstra oppmerksomme da det er høgt utføre.
Ein kjem forbi fleire setrer/støyler på turen. Også fine vatn med muligheiter for fisking. Om sommaren får ein oppleve beitande dyr langs ruta.
Ein fantastisk utsikt møter ein når ein nærmer seg bygda Flo.
Sjå blogginnlegg om turen og meir bilder på: www.nytnaturen.no