Sagevik - Høyvik - Sagevik

Publisert av: Flora Turlag
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    7,2 km
    3 timer
  • Sesong
    Hele året

Du kan parkere ved oppdrettsanlegget eller køyre opp bakken før oppdrettsanlegget til venstre der er det parkeringsplass. Gå tilbake til Sagevik, ca 200m.

Du tek av frå vegen ved det kvite huset, opp skogsvegen og forbi to hytter. På toppen av skaret er det merka sti til venstre opp på nakkane. Du følgjer nakkane vestover til Svanevatnet, merka med små steinvardar. Gå langs Svanevatnet på nordsida, forbi ein foss og vidare rett sørover. Du vil passere ei Jettegryte til høgre for stien når du er på vestsida av Svanevatnet. Svartevatnet og Høyvikvatnet har du på venstre side. Når du kjem til traktorvegen til Høyvik kan du gå ned dit eller gå ein rundtur til Sandvikbotn og tilbake til Sagevik. Du går då på vestsida av Høyvikvatnet og Svartevanet til Sandvikbotn og ned til Barlindbotn/Sagevik.

Turen er teikna inn og er ei rettesnor

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Eikefjord på Fv 542 og vidare Fv 543 til Sagevik
Annonse

Publisert av

Flora Turlag