Tonheimslia / Tonheim - Strandanipa

Publisert av: Flora Turlag
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    3,8 km
    2 timer
  • Sesong
    Hele året

Parker ved vegen opp til Tonheimslia og gå opp til garden. Garden ligg ved vegs ende. Stien går vestover rett ovanfor husa og under nokre høgspentliner. Følg stien som tek av litt til høgre. Gå vidare oppover og kryss ei lita elv og gå opp ein liten bergvegg. Terrenget er litt myrete. Du kjem så inn på stien som er merka med raude trekanter. Det er same stien som er omtala nedanfor frå Tonheim.
Pilskilt som viser til Strandanipa.


Stien frå Tonheim starter ved nedlagt gardsbruk på venstre side av Rv 5. Pilskilt med raud trekant til Strandastølen. Her er det plass til å parkere nokre bilar.
Stien er merka med raude pinnar/trekantar og siste stykket er det raudmåla stein/på berg.
Gå gjennom grinda, rett oppover i graset til du kjem til ei lita grind. Vidare er det merka sti med raude trekantar på tre. Rett før skiltet til Strandastølen tek du til høgre og stien vidare til nipa er merka med måling og varding. Vel oppe kan du nyte utsikta både aust -, sør- og vestover. Ned att kan du gå same vegen eller du kan gå vidare austover til Hovlandsstølen eller via Flatenipa og Nipevatnet og ned til Hovlandsstølen. Det er ikkje merka sti, men lett og fint fjellterreng.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Starter frå Rv 5 Tonheimslia veien opp til garden Tonheim ved nedlagt gardsbruk
Annonse

Publisert av

Flora Turlag