Baslia - Blå tur

Publisert av: Vindafjord kommune
  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    4,8 km
    2 timer
    En vei
  • Sesong
    Hele året
Start frå vegen til Dalsbruket, her er og informasjonstavle om turen. Først går turen på skogsveg, men ta av frå den etter 350 m ved skilt til Kistedalstjørna. Følg merka sti vidare opp til tjørna, langs vasskanten på venstre side opp til utsiktspunkt på Baslifjellet. Herfrå kan du sjå Dalselva, slik ho buktar seg veg nedover til Ålfjorden og du ser store skogsområde med Skrenuten mot sør. Følg deretter merka sti ned til garden Baslia og skogsvegen. Ved enden av skogsveg/tømmervelteplass kan du velge mellom å ta vidare på sti ned til elva, og følgje den oppover, for så å komme tilbake til skogsveg og følgje denne attende til parkering. Eller følge skogsvegen tilbake til bilen.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Ta av frå E134 i Ølensvåg og følg fylkesveg 543 mot Bjoa. Etter ca. 15 km ta av til venstre i vegkryss skilta til Dalen. Følg kommunal veg, ved Bjoavatnet, ta til høgre i vegkryss skilta til Dalsbruket, etter ca. 1 km sjå etter skilt for parkering og tursti.