Hardanger Fruktsti, Munketrimmen

Publisert av: IL Harding
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Enkel
  • Lengde og varighet
    5,7 km
    3 timer
  • Sesong
    Hele året

Denne turen går stort sett forbi fruktgardar og er særleg vakker i fruktblomstringa eller når eplene er modne om hausten. Elles er turen fin heile året. Stort sett er vegen asfaltert, så hjulbrukarar kan ferdast nesten over alt. Turen er ein del av Munketrimmen, ein av ti turar på Lofthus.

Fruktstien er ein rundtur mellom Lofthus Camping i nord og Hardanger Vandrarheim i sør. Med utgangspunkt i daglegvareforretninga på Lofthus, tek ein først og kryssar RV 13, og følg gang og sykkelsti på oppsida av riksvegen sørover til ein kjem til krysset ved Ullensvang Kyrkje. Her tek ein til venstre og går oppover, forbi Hardanger Vandrarheim/Hardanger Folkehøgskule, gjennom eit bustadfelt. Etter ca1 km frå krysset ved kyrkja kryssar ein ei bru og følg deretter vegen på venstre hand. Då går ein forbi fruktgardane i Opedal.1 km etter brua tek ein av på høgre hand og følg grusveg forbi gardar og hus. Grusvegen går brått nedover og kjem på ein asfaltert gardsveg. Ta til høgre og fortset til enden av asfaltvegen. Her går det sti ned til Lofthus Camping. Frå Lofthus Camping går Fv 102 sørover, forbi Opedal Skule, tilbake mot daglegvareforretninga på Lofthus etter ca1,5 km. Med utgangspunkt i Hotel Ullensvang kan ein enten starta ved daglegvareforretninga på Lofthus, eller ved Opedal Skule.

Variasjon av denne løypa: Det er mogeleg å gjera turen kortare eller lenger. Om ein ønsker kortare tur kan ein gjera som følgjer: Etter å ha gått forbi fruktgardane i Opedal, tek ein ikkje av på grusvegen til høgre, men fortset rett fram nedover mot daglegvareforretninga. Ein fin og variert tur er Fruktstien og Elvedalen rundt i kombinasjon. Total gangtid på heile Fruktstien og Elvedalen rundt er ca 3 timar.

Munketrimmen er eit trimtilbod på Lofthus som består av 10 ulike turar. Går du 8 av turane, (6 av 10 under 12 år) får du flotte premiar). Søk på Munketrimmen, arrangør UTIL (Ullensvang turn- og idrottslag).

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Det er mogleg å parkere i Lofthus sentrum, elles kan turen byrjas langs heile løypa

Adkomst med offentlig transport

Buss frå Odda, Eidfjord, Geilo, Voss stoppar rett ved ved daglegvarebutikken på Lofthus. Hurtigbåt i sommarsesongen frå Norheimsund (busskorrespondanse til/frå Bergen) stoppar også her.
Annonse