Byrkjefjell

Publisert av: Kvam Turlag
Annonse

Om turen

Frå avkøyringa til Wallemtunet inn vegen langs Bekken innover mot Skeisheii. Ta til høgre over bekken og oppover hyttefeltet ved ein skilta snuplass. Følg vegen til endes og vidare på sti (kan vera vanskeleg å finne). Det er nokre våte parti her vidare opp til Tryggakleiv, der stien er utydeleg.

Oppe på Tryggakleiv, dreiar ein mot Byrkjefjell, framleis på sti/svaberg som delvis er varda. I det motbakkane for alvor startar går ein på på tydeleg sti til fortoppen med varde og bok.

Frå fortoppen går ein nordover litt til høgre for høgste punktet og tek seg opp eit bråt der, før ein går mot topp-punktet.

Fin rundtur-variant (som kanskjer er litt snillare mot knedna nedoer) er å gå frå toppen mot Såtedalen (nordover) for så å ta seg sørover på vestsida av toppen(delvis sti) og ned på Skeisheii, herfrå på god sti ned Dalagjelet.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

FV7 til avkøyring mot Wallemtunet. Dårleg med parkeringsmoglegheiter i området.Ta hensyn.
Annonse

Publisert av

Kvam Turlag