Bjørlovatnet (Turbotrimtur 2019)

Publisert av: Barnas Turlag Eid
  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Enkel
  • Lengde og varighet
    1,2 km
    2 timer
    En vei
  • Sesong
    Apr - okt

Vil anbefale at ein tar denne turen som ein dagstur om ein har med born under 5-6 år. Det her er en tur ein fint kan ta med både telt og hengekøye, fin plass til overnatting.

Følg skogsvegen fram til elva kjem ned og det dannar eit kryss. Hold til venstre for elva. Stien ser ein rett over elva til venstre. Tydeleg sti oppover til sætra, der ein først går i ein nydeleg trollskog før det går over i ett litt brattare terreng som kan vere sleipt på fuktige dagar og tidleg vår. Når ein ser sætra er det litt myrlendt og stien forsvinn, men hold til høgre so ser de eit Turbotrimkort der stien går, den skal gå forbi eit sel når ein har gått litt forbi merket. Tydeleg sti vidare fram til vatnet, hold til høgre når de kjem til vatnet og gå over ei lita elv, her er ei grønn postkasse. Turen er på 1,5 km fordelt på 350 høgdemeter. Om ein ynskjer kan ein parkere ved Lotetunnelen og gå skogsvegen søraust og over på sti, men denne turen er ikkje merka med Turbotrimkort

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Køyr på E39 mot Lote. Før stigninga opp mot Lotetunnelen svinger ein av til venstre etter Skipenes bru. Her står skilt merka Nor. Køyr ca 2,5 km til du kjem til ein bratt oppoverbakke. På toppen av denne går der ein traktorveg inn til høgre, i enden er det parkering og skilta mot Bjørlovatnet. Parker her.