Tronoberget / Geitupphøe: fottur i Lom nasjonalparklandsby

Publisert av: Lom kommune

Tronoberget / Geitupphøe: fottur i Lom nasjonalparklandsby

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    5,0 km (én vei)
    3 timer, 30 minutter
    Tur-retur
  • Sesong
    Apr - okt

Ein tur nær Reinheimen nasjonalpark med fantastisk utsikt ned mot Lom sentrum og over mot Lomseggen med toppane Eggjapiken (1524 moh) og Storivilen (2064 moh). Lengst bak ruver Loftet (2170 moh). Frå toppen av Tronoberget ser du inn i Finndalen landskapsvernområde og Reinheimen nasjonalpark.

Frå rundkøyringa i sentrum kryssar du brua over Bøvre ved fossen. Rett ved bruenden går du til høgre ned til elva og over utleggsbrua (dette er ein del av Bergomsrunda). Følg elveforbygginga langs Bøvre til Tronoodden. Stigen går opp ved bruenden på nordsida av Ottaelva. Ruta svingar seg opp i terrenget i glissen furuskog mellom små hamrar, litt bratt av og til. Stigen dreier seinare nordvest inn på ryggen. Turen bort til Tronoberget er ein liten avstikkar (150 m) frå skilta vegdele ned mot Grjotheim. Frå Tronoberget er det skilta til Geittupphøe, 60 minutter tur-retur. Du kan gå attende same veg, eller ein rundtur via Grjotheim.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Fint å gå frå Lom sentrum (Fossbergom) langs Bøvre. Alternativt kan du køyre bilen over Tronobrua og parkere på den sida (dette er det raskaste alternativet).

Adkomst med offentlig transport

Bussterminalen er i sentrum, og er eit fint utgangspunkt.