Høgefjellet (Sendaren) frå Lotsstøylen

Publisert av: Midtre Nordfjord Turlag
  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    4,3 km
    1 time, 30 minutter
    En vei
  • Sesong
    Mai - nov

Ein må parkere ca. 300 m FØR fellesfjøsen på Lotsstøylen, på høgre side av vegen ved oppsida av gamal støylsbygning. Ved fellesfjøsen skal melkebil og kraftforbil ha plass til å snu, så her må ein IKKJE parkere. Alternativ parkering er på sørsida av elva. Då må ein køyre rett fram i siste kryss, i stadenfor til venstre mot fellesfjøsen (altså ikkje over brua), og så parkere på venstre side av vegen her. Alle grinder og straumgjerder må latast igjen av omsyn til beitedyra om sommaren. Turen er i overkant av 4 km lang, og ein går på anleggsvegen heile vegen opp til TV-masta. Vegen er tidvis bratt. Frå toppen er det bredt utsyn i alle retningar. Kassa med bok og klippar for Turbotrim og T-Tur Eid 2017 heng på sørsida av bygningen.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Lotestøylen med bil

Adkomst med offentlig transport

Buss til Lote

Midtre Nordfjord Turlag