Tur til Dyraskarfjell, 531 m.o.h. i Vikebygd, opp Glommeskar, retur via Trodlanibbå

Publisert av privatperson
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Krevende
  • Lengde og varighet
    6,7 km
    2 timer
    En vei
  • Sesong
    Apr - okt

Denne turen startar ved bygdahuset og tar deg opp til Varden på Dyraskarsfjell og frå tilbake og opp på Trodlanibbå.

Føl grusveg ved sidan av parkerinsplassen ved bygdahuset i ca. 200 m, så tar ein til venstre inn på traktorveg ved eit kryss der det heng skilt som syner veg mot Dyraskarfjell. Ein føl så denne traktorvegen oppover mot skogen og inn i skogen i ca 700 m, før ein tar til venstre inn på ein ny traktorveg ved eit kryss som syner vegen mot Dyraskarfjell. En føl denne traktorvegen eit lite stykke før den går over til ein sti, og det byrjar for alvor å stige oppover. Løypa er merkja heilt til topps. Så skal ein bekk kryssast, før ein fortset oppover i ein blanding av brake og bjørkeskog.
Når ein nærmar seg slutten av tregrensa så er det eit par plassar der det er nokå bratt og glatt, her er det lagt ut tau som ein kan halde seg i og til hjelp oppover. Like før ein er over tregrensa så føl stien eit bekkfar, normalt utan vatn i, før stien gjer ein brå sving til venstre ( mot nord) og ein er over tregrensa. Nå blir det litt ur og før ein kjem inn I den store ura, sjølve Glommeskaret som er ganske så bratt. det er murt inn ein del trinn i ura, så sjå etter merker kor løypa går. Øverst I Glommeskar kan det være litt lause småsteinar så pass på så ein har godt fotfeste. EIn skal også vera svært forsiktig om ein vel å gå ned Glommeskar når det er vått, steinane i ura kan vera glatte. Når ein er kommen opp skraret så er ein opp på ei lita myr, der eit skilt syner vegen vidare mot Dyraskarfjell. Frå her så er det opp ein liten bakke, og så kan ein følgja fjellryggen bortover ( mot nord) til ein er opp ved varden. Langs fjellryggen så er det merkja med steinar. På toppen så er det utsyn til minst 10 kommunar, om ein går litt lengre mot nord så kan ein sjå ned til Dyraskarvatnet.
Etter ein rast på toppen så går ein attende same vegen til ein er nede på myra att, der ein nå følgjer merkjer mot Trodlanibbå, her går ein først nokre hundre meter i myrlendt terreng før ein snur mot sør og kjem opp på lyng og fjell, der ein stig nokså slakt mot Trodlanibbå.

Frå Trodlanibbå så går turen nokså bratt nedover i 700 meter, før ein er ved eit vegkryss øvst i Børkjelandsskaret. Her tek ein til høgre og går ned Børkjelandsskaret og vidare bortover det flate partiet som heiter Smalaklatt. Nedst i Børkjelanddskaret så går ein forbi ei steingrav, som i fylgje segnet skal vera den siste kvilestaden til ein småkonge.

Etter Smalaklatt så ber det nedover igjen, først eit nokså vått parti, før ein kjem inn på ein skogsveg, denne føl ein nedover til denne deler seg, i krysset held ein til høgre, mot nord, og inn på ein sti som ein føl i ca. 400 meter til ein er fremme ved ein ny skogsveg. Denne føl ein nedover i ca. 700 meter til ein er fremme ved bygdehuset i Vikebygd og i mål for turen.

Veg til/frå Trodlanibbo er beskreve i lenke som det er henvist til.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Turen startar ved parkeringsplassen ved Bygdahuset Vikebygd.Ta av frå E134 ved Isvik og føl vegen mot Vikebygd i vel 12 km til ein kjem til bygdahuset.
Dette turforslaget er laget og publisert av en privatperson. UT.no er ikke ansvarlig for feil eller mangler i turforslaget, og kan ikke bli holdt ansvarlig for skader eller situasjoner som måtte oppstå hvis du følger denne turen.
Annonse