Stavang Skålefjell og Hornfjellet Rundtur 

Publisert av: Flora Turlag
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    10,7 km
    6 timer
    En vei
  • Sesong
    Jun - okt

Rundturen tek til på "Velteplassen", ein stor parkeringsplass på venstre sida av vegen like før Stavang, når du kjem frå Eikefjord.

Kjem du med båt tek det 10 minutt å gå frå kaia til "Velteplassen".

Frå "Velteplassen" er det delvis skilta og merka til Skålefjell. Du byrjar å gå på skogsveg, og etter eit par hundre meter kryssar du ei lita elv på bru. Du går deretter over på sti med lett stigning. Stien er lett og fin å gå. Det vert etter kvart brattare og tyngre å gå. Framleis fin og tydeleg sti, men av og til litt kupert. Halvvegs kjem du over skoggrensa, og landskapet opnar seg. Du går på venstre sida av elva. Her er stien mindre tydeleg, men det er merka innimellom slik at vegen er grei å finne. Du går langs ryggen austover med jamn stigning. Det er fleire parallelle stiar her som går same veg og ender opp ved varden på Skålefjell 765 moh.

På veg oppover kjem du til eit stidele ved skiltet Bjørndalskvia. Her går du stien rett fram og oppover for å gå til Skålefjell. Stien til venstre er stien som kjem ned frå Hornfjellet.

Frå toppen av Skålefjell kan du nyte utsikta mot Førdefjorden, øyane i vest og Høydalsfjorden.

Ned att frå Skålefjell kan du gå via Hornfjellet 425 moh som ligg heilt vest/ytterst på fjellryggen. Etter omlag 1 km frå toppen tar stien av til høgre mot Hornfjellet. Følg den delvis merka stien på fjellryggen nord for vatna vestover i omlag 3 km og du får eit mektig utsyn heile vegen vestover.

Varden på Hornfjellet ligg på enden av fjellryggen og er ein avstikkar frå merka løype ned att ved Hornfjellsvatnet. Frå vestenden av Hornfjellvatnet føl du den merka stien nedover og etterkvart kjem du tilbake til stidelet ved Bjørndalskvia og her tar du ned att til "Velteplassen".

Sporet som ligg på kartet er gått opp 05.03.19. Det var snø mot toppen av Skålefjell og vi har fleire plasser gått utenom snøfonner.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Kjør på Fv 542 mot Stavang
Annonse