Fusatun - Fusafjellet 

Publisert av: Fusa kommune 
Annonse

Om turen

Topptur med flott utsikt frå Storahorga (665 moh), høgst punktet på Fusafjellet. Følg skogsveg frå Fusatun mot Ludden. Sti siste stykket. Myrete parti. Ved Ludden tar du av mot Storahorga, første stykket på skogsveg, etter kort tid over på sti. Stien er lett å finna, dels på fjell og i myr. Oppe på sjølve fjellet er det høgfjellsnatur og lett å gå innover fjellet på god og fast sti til Storahorga. Fin utsikt over Fusafjorden, Bjørnafjorden og Os-landet i vest, Folgefonna i aust. Turbokkasse på Ludden og ved varden på Storahorga. Alternativ tur er å gå over fjellet til Breistølshytta og vidare til Strandvik. Det er også flott å gå ut over fjellet mot Øykjanuen (577 moh) i sør.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Parkering ved Fusatun.
Annonse

Publisert av