Elvadalen på Lofthus

Publisert av: Odda/Ullensvang Turlag
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Enkel
  • Lengde og varighet
    3,0 km
    1 time
    En vei
  • Sesong
    Hele året

Parker ved Veisane barnehage. Derfrå går turen innover dalen på skogsveg. Innerst i dalen kjem ein nær dei to flotte fossane "Bjødnabykset" og "Skrikjo". Der er fint og setje seg ned og nyte naturen på benken og gjerne skrive navnet sitt i boka som ligg i postkassen. Vidare går turen over Tveitane. På Tveitane finn ein gamle gropeholer frå Istida samt dyrkingsfelt og frukttrær. Til slutt går turen ned til bilen ved barnehagen. Om vinteren er dette ein flott skitur, vegen har også tilknytting til ljosløypa nedanfor Tveitane.

Ein flott rundtur alle kan gå. Dette er også turen for dei med sykkel, barnevogn eller rullestol som man kan bruke i terreng.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Ta av frå Riksveg 13 på lofthus og køyr opp mot byggefeltet Legane. Kjem ein frå Odda kan ein ta av til venstre ved kyrkja og fylgje vegen opp mot idrettsbanen og vidare opp til barnehagen. Kjem ein frå Kinsarvik kan ein ta av til høgre ved Frisøren og kjøyra gjennom frukthagane oppover til barnehagen.
Annonse

Publisert av

Odda/Ullensvang Turlag