Torefjell

Publisert av: Kvam Turlag

Torefjell

Frå parkeringsplassen på Sjusete ser du Torefjell. Følg traktorveg forbi Sjusetevatnet og vidare oppover så langt denne går. I enden begynner det sti som er tydeleg heile vegen til toppen av Torefjell. Stien går på vestsida av fjellet, rett under toppen går stien austover mot varden som ligg i austsida av fjellet.
4,5km kvar veg.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Frå Fv7 i Øystese eller Norheimsund: ta av mot Sjusete på FV130. Skilta avkøyring til Sjusete frå FV130. Stor parkeringsplass ved Sjusete skisenter.