Jørstadvatn

Publisert av: Kvam Turlag

Jørstadvatn

Denne turen startar på Sjusete. Du følgjer skogsvegen oppover heilt til enden av vegen, og følge stien vidare til litt oppom kraftlina. Når du kjem opp der det flatar ut litt held du til venstre inn mot Beindalsgjelet (ikkje stien vidare mot Torefjell). Du kryssar bekken/elva og går vidare bratt opp langs sti til sela på Krok. Eventuelt går det fint å kryssa gjelet ved Forsete, kanskje vel så fin tur opp til Krok det. (GPS-sporet går sisnemnde veg)

Frå Krok går du rett nord langs venstre side av Beindalen opp til Klype. Herfrå er stien mindre tydleg, men du skal i nordaustleg retning mot nedre Jørstadvatnet, det er merka med enkelte raude stikker. Vidare langs svak sti opp til øvste Jørstadvatn og rund på nordsida av vatnet. Det er merka med raude stikker den korte vegen opp til posten som står på tuftene etter den gamle Børve-stølen Grønsete.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Til fots, sykkel eller med bil opp til Sjusete frå Norheimsund eller Øystese.

Adkomst med offentlig transport

Ingen.