Tonstad - Ovedal

Publisert av: Naturtriangelet
  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    4,4 km
    2 timer
    En vei
  • Sesong
    Hele året
Turveg Tonstad til Ovedal
Det er eit nettverk av merka og umerka stiar mellom Tonstad og Ovedal. Ein kan starte ulike stadar, men det mest vanlege utgangspunktet er om du følgjer anleggsvegen opp lia aust for Tonstad, held til høgre etter Grubbeli og følg vegen til endes ved tunellane. Frå denne staden går stien vidare over Sletthei til Klovsteinen og vidare til Ovedal eller Ovedal Molybdengruver.

Klovsteinen
Klovsteinen er ein naturattraksjon. Det er ein flott og ruvande stein som er kløyvd i to. Den ligg på toppen av heia og ser mektig ut. I nærleiken av Klovsteinen er det satt opp ein benk som turgåarane kan nytte til ein rastepause.

Brudle langs vegen
Tenk om steinane kunne tala! I alle fall dei som er lagt ned på lange, beine rekkjer og vitnar om gamle skikkar i samband med giftarmål. Brurefylgjet måtte ofte ta seg fram over hei og fjell for å koma til bryllaupsgarden. På ein høg stad eller når dei såg til gards, stansa fylgjet for å få seg mat og gjerne brennevin. Det var då dei etter skikken skulle leggja ned kvar sin stein, brudeparet skulle leggja først og dei skulle ha dei største steinane. Etterpå var det skyldskap som avgjorde kven som kom nærast omtrent som korleis dei skulle sitja ved bryllaupsbordet. I Sirdal er det mange brudle i heile dalen. Skikken med å leggja ned brudle er knytt til Telemark, Agderfylkene og Rogaland. (Tekst er henta frå Friluftskart Sirdal, søndre)

Postkasse langs stien – Besøksstatistikk
Langs stien er det plassert ein postkasse med bok i, her kan du skriva inn namnet ditt når du går forbi. Frilufts-entusiasten John Stangeland har vandra denne stien fleire gonger enn nokon andre. Han har vore med å merka stien og skjøtt vegetasjonen her. I 2012 snekra han ein flott benk v/Klovsteinen – til stor glede for mange turgåarar. John Stangeland har laga statistikk over dei besøkjande i fleire år, basert på namnetekke frå boka i postkassen.

Ovedal Molybdengruver
Restane etter A/S Ovedal Gruber ligg 1 km opp i heia for Ovedal. Turgåarar kjem til gruvene eit stykke etter Klovsteinen, eventuelt gå turvegen opp frå Ovedal. Fyrste gong det var drift i gruvene her var i 1918. Det har sidan vore forsøk på å ta opp att drifta, seinast i 1952. Totalt er det gjort 29 anvisningar i Storebakkfeltet som det er kalla. Malmen vart frakta vidare frå gruvene, over Sirdalsvatnet og ned til Sandsmarks Gruvers vaskeri (på Indre Sandsmark). Før 1890 åra hadde molybden mest bare blitt brukt som fargestift i blyanter. Men så oppdaga ein at det reine metallet hadde eit utruleg høgt smeltepunkt, 2622 grader celsius, og at det m.a. kunne nyttast til å gjera stål hardare. Dermed kom det inn i industrien, særleg krigsindustrien. Prisen steig frå om lag kr. 1 per kg til over kr. 30 per kg. Folk byrja då å leite etter molybden, og dei fann dette fleire stadar i distriktet. (Tekst henta frå Steinar Tjomlid)
Frå gamal tid var blyantberg, som dei kalla det, kjende fleire stadar i Ovedalstraktene, dette var berg som “glitra” av molybdeninnhald.

Det er registrert tre sjakter i området, ei horisontalsjakt og to andre delvis attfylte sjakter. I tillegg er det spor etter fleire mindre “dagbrot”. Det ser nærmast ut som det er satt av ei ladning direkte på bakken. Det er fleire store slagghaugar og fundament etter tre bygningar i nærleiken av hovudsjakta. Frå Ovedal og opp til gruveanlegget er det ein kjerreveg, den er i relativt god stand men øvste del av vegen er sklidd ut og delvis gjengrodd.

Gruvedrifta var frå handkraft, dei hadde ikkje større maskinar her. Dei bòra for hand, smidde verktøy i eiga smie, frakta malmen ut i trillebår og brukte hest ned til Ovedal.

Under andre verdskrig var dette metallet svært ettertrakta fordi dei kunne bruke dette i stålet på panservogner. Etter at gruvene i Ovedal hadde vore nedlagd i fleire år (på grunn av lite førekomst av malm), så vart det sett i gang prøvedrift under andre verdskrig, dette var under tysk leiing. Det vart sett opp nye brakker, og på det meste så arbeida det 20 mann her. Heller ikkje denne gong var mengda av malm rik nok.

Eit anna anlegg i området, Knaben gruver i Kvinesdal, var derimot eit av dei viktigaste industrimål i Noreg under krigen. Dette anlegget vart forsøkt øydelagd av dei allierte med bombing to gonger i 1943. Elles har det òg vore Molybdengruver andre stadar i distriktet, m.a. på Sandsmark (Flekkefjord) og Gursli Molybdengruver (Lund), dette kan de lese meir om her.

Frå gamalt av sa dei ofte om leitinga etter molybden: “På Sandsmark finn ein bronse, på Knaben ligg sølvet medan gullet har gøymt seg i Ovedal…”