Den gamle fjellstien opp Skiftesdalen, vidare til Svortufs og Longavatnet

Publisert av privatperson
  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Enkel
  • Lengde og varighet
    3,7 km
    1 time
    En vei
  • Sesong
    Hele året

Denne turen går frå fylkesvegen opp til Longavatnet, via ein gammal fjellsti opp Skiftesdalen.

Turen har 2 små avstikkarar underveis, ein til Svortufs om lag 340 m.o.h., og ein ned til restar etter ein gammal løypestreng som gjekk frå det nordre skaret ved Svortufs og ned til ein stad kalla Sønjarhuset, der dei nedre festene enno står. Vidare går turen rundt Svortufstjørn før ein er framme ved Longavatnet.

Til ein er oppe ved søre skaret ved Svortufs så føl stien ein gammal fjellsti som var mykje nytta før i tida for å koma seg til fjells. Stien var attgrodd i mange år til den vart rydda og opna att i 2017.

Frå fylkesvegen så føl ein skilt mot Vikestølen, etter ca. 500 m, ovanfor der det er be bygd, så tar ein til venstre over ei betongbru, og så går ein om lag 100 meter til ein treff ei grind på venstre side, her er det eit skilt som markerar starten på den Gamle fjellstien om Skiftesdalen. Den originale stien starta nokre hundre meter lengre nord-vest ved ein stad kalla Løkkja, men starten på denne løypa føl óg eit gammalt trakk. Om lag 200 meter etter ein har kome seg over gjerdet ved gjerdeklyvaren så smeltar denne stien i lag med den som kom frå Løkkja.

I starten er det rimeleg flatt terreng, og her vil, midt i stien, sjå dei nedre festene til den gamle løypestrengen, ein er då ved Sønjarhuset. Ein føl merkja rute vidare til ein har kome seg over/rundt ein noko blaut myr. Nå myra er passert så ber det oppover Skiftedalen og opp nordre Svortufsskar. I toppen på skaret er det eit kryss der ein kan gå opp til toppen på Svortufs ved å gå mot sør, det ligg ei bok på toppen, ein kan gå vidare mot nord mot Svortufstjørn, helst bør ein gjera begge deler.
Om lag 200 meter frå krysset i det søre skaret, kjem ein til eit nytt kryss, her kan ein gå vestover i 100-200 meter til det nordre skaret for å sjå restane etter løypestrengen oppe i fjellet, stien snur ved eit flott utsiktspunkt.
Løypestrengen vart nytta til å ta ved og torv ned til bygda, begge deler vart nytta til brensel. Ved stien vil ein sjå merkjer etter der det har vore spadd torv.

Etter å ha studert litt gammal historie, føl ein stien vidare på nord- og austsida av Svortufstjørn, før ein går ned ein bratt bakke og kryssar Indre Halvardshaugli bekkjen, og legg i veg dei siste få hundre metrane til Longavatnet.


Returen kan ein om ein vil ta via ein annan gammal fjellsti ned Kleivane, sjå lenke nedanfor.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Turen startar ved poststativ like att med elva sør for butikken. Her kan ein parkera, om det ikkje er plass der, parker ved kyrkja. Ta av frå E134 ved Isvik og følg vegen mot Vikebygd i ca. 12 km til ein passerar vegen ned til kyrkja, stopp deretter med poststativ ved brua over elva.
Dette turforslaget er laget og publisert av en privatperson. UT.no er ikke ansvarlig for feil eller mangler i turforslaget, og kan ikke bli holdt ansvarlig for skader eller situasjoner som måtte oppstå hvis du følger denne turen.