HAMAREN AKTIVITETSPARK I FYRESDAL

Publisert av: Fyresdal Turlag

HAMAREN AKTIVITETSPARK I FYRESDAL

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Enkel
  • Lengde og varighet
    2,7 km
    1 time
    En vei
  • Sesong
    Hele året

Hamaren Aktivitetspark i Fyresdal

Hamaren Aktivitetspark er eit statleg sikra friluftsområde som er utbygd med universell turveg, stiar, møteplassar, natursti og sykkelløype. Her er høve til aktivitet for både store og små. Den utvendige fjellbrua må bare opplevast!

Universell turveg

Utgangspunktet for den universelle turvegen er på nordsida av Gimle skule. Vegen går nordover mot Grunnviksbukta, før den svingar attende og fylgjer vasskanten sørover med flott utsikt ut over Fyresvatn. Vidare gjeng ein sørover langs vasskanten, ca. 500 meter, før ein kjem inn på ei trebru konstruert som ei tømmerrenne til minne om fløytingstida i Fyresdal. Vegen går så vidare på ei spektakulær gangbru rundt Hamarens sørlegaste punkt, før den igjen går over i ei tømmerrenne i retning Munkhola. Herifrå kan ein velje om ein vil gå i retning Sauekro mot Teisner Kafé og Bryggjeparken, eller om ein vil gå nordover forbi Klokkargarden og attende til utgangspunktet. Langs vegen vil ein finne bord og benkar tilrettelagt for ein hyggeleg rast. Heile turvegen er universelt utforma og passar for alle brukargrupper. Total lengde ca. 2,4 km. Terreng: Lett. Gangtid ca. 45 minutt.

I tillegg til rundløypa er det mange stiar på kryss og tvers i Hamaren. Turvegen til Klokkarhamaren, den høgaste toppen i Hamaren (343 moh), er grusa.

Rasteplassar

Undervegs kan du nyte nista eller lage din eigen mat i grillhytta eller i utekjøkkenet. Nyklar til grillhytta kan lånast på sentralbordet til Fyresdal kommune. Du kan og bruke bålplassen på toppen, Klokkarhamaren. Hugs å ta med ved. Elles er det fleire fine plassar å stoppe for å ta ein rast og ete niste, eller berre kvile og nyte utsikten.

Sykkelløype

Midt i hjartet av Hamaren ligg ei flott sykkelløype bygd av Bike Solutions frå Frankrike. Løypa er retningsstyrt, du syklar opp ein veg og ned ein annan. Løypa er skilta og det er viktig at alle fylgjer skiltinga. Løypa passar for alle og er gradert som ei blå løype. På toppen av sykkelløypa har elevane frå Gimle skule laga benkar og bord for ein rast.

Natursti

Her i parken kan du lære meir om lokalt dyre- og planteliv, treslag, historie og eventyr gjennom flotte naturstiskilt. Skilta er tilpassa barnehageborn og småskuleelevar, men alle og ein kvar kan lære litt av dei. Plasseringa er på stader som passer til tema, nokre nær turvegen, andre eit stykke ifrå. Plasseringa kan du finne på kartet på informasjonsskilta ved utgangspunkta for løypa. Langs turvegen og stiane finn du små piler som viser deg vegen. Skilta er laga av elevar ved Gimle skule.

Skiløype

Delar av turvegen vert oppkøyrd som skiløype når snotilhøve tillet det. Skiløypetraseen er ei rundløype på ca. 1,5 km (totalt 1,7).

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Tak av FV 355 ved innkøyringa til Moland kyrkje. Start og parkering ved Fyresdal Næringshage.