Mosegga

Publisert av privatperson

Mosegga

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Krevende
  • Lengde og varighet
    8,4 km
    4 timer
    En vei
  • Sesong
    Mai - okt

Turen kan starte enten på Mosetra eller øvst i Mosmarka byggefelt. Turen er lettast med start på Mosetra, på 330 moh. Alternativt kan ein starte på 90 moh øvst i Mosmarka byggefelt. Frå Mosetra går turen opp mot Rambjørhornet og vidare mot Sandhornet 909 moh. Ein svipp ut på Rambjørhornet gir fin utsikt i fleire retningar, vel verdt den vesle avstikkaren. Frå Sandhornet går turen på egga i god sti over Grøthornet og Kråkenakken til Brekkeheida. Her er stien merka til Pølsa, der det er besøksbok og vidare til utsiktspunktet på Brekkeheida. Her er det flott utsikt mot Ørsta sentrum. Stien går så ned til kanalvegen og til byggefeltet på Øvre Mo. Turen tek normalt mellom 3 - 5 timar alt etter kor god fysisk form ein er i og kor mange pauser ein ynskjer å ha.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Start enten frå Mosetra eller øverst i Mosmarka byggefelt. Det er ca 5,1 km å køyre frå der kor Setrevegen startar til Mossetra. Ein må betale bompengar for å køyre Setrevegen opp til Mosetra. Då det er god veg mellom start og slutt punkta kan ein gå eller køyre tilbake der ein starta turen. Men sida turen startar og sluttar ganske langt frå kvarandre er det enklast å sette frå seg ein bil der ein ynskjer å avslutte og køyre til start.
Dette turforslaget er laget og publisert av en privatperson. UT.no er ikke ansvarlig for feil eller mangler i turforslaget, og kan ikke bli holdt ansvarlig for skader eller situasjoner som måtte oppstå hvis du følger denne turen.