Redalen - Nordvikstølsvatnet - Norvikstølen - Redalen

Publisert av: Indre Sunnfjord Turlag

Redalen - Nordvikstølsvatnet - Norvikstølen - Redalen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Krevende
  • Lengde og varighet
    5,8 km
    2 timer
    En vei
  • Sesong
    Apr - okt

Parkering og infotavle ved det gamle skulehuset i Redalen. Gå nordover på fylkesveg 611 og ta til høgre der riksvegen svingar vestover. Dei fyrste hundre metrane er svak stigning på grasdekt traktorveg. Om sommaren er her dyr på beite.

Traktorvegen går over i ny veg og seinare sti som er steinlagt. No går det bratt oppover i hasselskogen til kryssing av Stølselva for fyrste gong. Vidare er det også steinlagt sti som slynger seg oppover på vestsida av Stølselva. Rett før krysset der ein kan ta av direkte til Nordvikstølen er det rydda utsikt med ein enkel sitteplass. Her er det flott utsikt til Redal og bort på eit anna turmål, Naregga.

Etter kvart som ein tek seg oppover vert det mindre stein i stien. Stølselva vert kryssa for andre gong oppe på eit platå. Vegen vidare går i bjørkeskog og langs Stølselva til Nordvikstølsvatnet. Då kan det ein fin sommardag høve med eit bad. Og fisken vaker.

Turen vidare til Nordvikstølen går flatt bortover, for så å gå nedover mot stølen der det er både heile hus og restar av hus. Studer den flotte fjøsmuren og sjå ut gluggen, rett ned i grenda Redal og bort mot Naregga, Heilefjellet og Blegja. Med eit vårgrønt Redal og eit vinterkvitt Blegja er dette eit flott syn.

Turen går vidare svakt nedover i bjørkeskogen. Så går det på nytt bratt nedover mot krysset der ein tok av til Nordvikstølsvatnet.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Ta av frå rv5 i Naustdal og inn på fv611 retning Vevring. Gamle Redal skule ligg på høgre sida.

Indre Sunnfjord Turlag