Rundtur, Oppsal - Vikedal sentrum - Vikedalsdalen 

Publisert av: Vindafjord kommune

Rundtur, Oppsal - Vikedal sentrum - Vikedalsdalen 

Parker i nordre enden av driftsbygningen, gå 50 meter tilbake mot hovudveg, ta til venstre og følg traktorveg utover høgdedraget bak gardstunet. Ein følgjer traktorveg om lag 500 meter til den går over i sti på innmarksbeite. Stien går parallet med elva til ein møter ein bergskrent som går frå elva og innover bort frå elva. Stien svingar så litt vekk frå elva og opp ei kløft. Her kjem ein opp rett bak nokre hus stien endar her i gardstunet. Frå denne Staden kan ein velje å snu for å gå stien tilbake same veg som ein kom, eller å fortsetje på bilveg som ein rundtur ved å følge Oppsalsvegen ca 2,3 km ned til Vikedal sentrum, og derifrå følgje bilvegen ca 4 km tilbake til utgangspunktet

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Ta av i Vikedal sentrum mot Roaldkvam. Etter 3 km kjem Ørnesbrua, kjør over, og etter ca 450 meter tar ein av til garden til Ingebjørg og Geir Gjerde, Movegen 356, 5583 Vikedal, der turen startar.