Topptur til Høgeknuten ifrå Rusdal

Publisert av privatperson

Topptur til Høgeknuten ifrå Rusdal

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    8,4 km
    3 timer, 30 minutter
    En vei
  • Sesong
    Apr - nov

Den merkte løypa ifrå Rusdalsåni uppum Høgeknuten i Lund kommune synest vera ein tolleg sjeldgjengd tur – iallfall når det gjeld talet på innleggi i turboki uppe på toppen. Det kann ein i grunnen berre vera undren yver, for dette her er ei framifrå ruta igjenom skog og heid som høver den som ynskjer å ferdast utanfyre ålmenn ferdsleveg.

Etter det Google røper, so var denne ruta med i programmet "Hele Lund på tur" for nokre år sidan. Raudmerkjingane på tre og steinar er framleides synlege endå dei stykkjomtil kann vera nokso utslìtne.

Utgangspunkt åt turen er på Fv3 (Rusdalveien) mìllom Bjørnestad og Hovsherad ved brui yver Rusdalsåni ved sjølve bygdi Rusdal.

Når ein kjem ifrå Egersund, er den stuttaste ruta via Helleland på Fv42 mot Tonstad. Ved Bjørnestad tek ein då av til høgre på Fv3 mot Hovsherad/Moi og fylgjer denne vegen um lag 9 km til ein når startpunktet attmed brui der ein òg kann parkera bilen.

Turen startar på traktorveg yver sletta langsmed Rusdalsåni. Etter eit kort stykke lyt ein kryssa ein liten bekk med namnet Brekkebekken som munnar ut i åni på same staden, og so held ein fram innyver skogen langsmed sjølve bekken.

Terrenget byrjar å stiga mùnaleg her, og ein gjeng fyrstpå ei 200-300 meter på tydeleg og raudmerkt stig fyre ein hamnar på ein (nyupparbeidd?) skogsveg som slyngjer seg uppyver den sers bratte skråningi mot Brekketjørni.

Jamvel um underlaget er tolleg lettgjengt, kann denne lùten av turen gjerne reknast som den mest krevjande med di ein her hev den lengste (og næst-brattaste) uppyverbakken som må forserast på denne ruta.

Skogsvegen skal fylgjast uppetter til han flatar ut ved ei myr sunnanfor Brekketjørna. Etter at ein hev klìve yver eit gjerde som gjeng tvers yver vegen her, fer ein beint burtetter på einfelt trakk i nordleg leid langsmed Brekkebekken der vegen vender noko mot aust og held fram mot Brekketjørna.

Skogen tynnest etter kvart ut på denne høgdi, medan terrenget vert ope og fær sermerkt høgheidkarakter.

Um ein berre sér nøgje nok etter, vil ein få auga på nokre eldre, utslìtne raudmerkjingar på bjørketre som gjerer sitt for at ein greider halda kursen endå sjølve stigen er tolleg nedgrodd og næsten usynleg her i graset.

Etter eit kort stykke på trakket skal då Brekkebekken kryssast ved at ein vender vestyver, og so held ein fram uppetter skråningi i nordvestleg leid.

Merkjingane gjeng her yver til å vera måla på steinar i staden for tre når skogen vert heilt burte, og attåt vil ein òg finna nokre nødlingar mang ein plass langs ruta.

Løypa vender etter kvart sudvestyver og slyngjer seg so nokolunde jamt i same leid heilt fram til turmålet.

Stigen er vel helder utydeleg og nedgrodd flestalle stader, men takk vere dei nokso jamleg uppsette nødlingane og raudmerkjingane skal ein stort sét kunna ferdast stødt frametter utan å kava med å finna rett leid.

Høgheidterrenget er småkupert og lettgjengt største parten av ruta – undanteke nokre få litt meir bratte/krevjande parti einkvanstaden.

Etter at ein hev gjenge framum tvo småtjørner som ligg til noko innestengde i eit slags søkk mìllom svadberg og bratte skråningar, møter ein på ei smal renna som lyt kryssast på tvers, og derifrå fer ein uppetter den siste bakken til ein når turmålet.

Toppen av Høgeknuten som er ein av dei høgste fjelltoppane i Lund kommune, byd på framifrå utsyn yver det opne heidlandskapet i Lund og nordetter innyver Bjerkreimheidane.

Turboki ein finn på toppen vart lagd ut i 2007, og so framt ein kann lita på talet på innleggi, so hev det ikkje vore mange vitjingar her dei seinaste åri (turen vart gjengen i juni 2018). Tvert um, denne ruta tykkjest vera sers sjeldgjengd – ikkje berre dei fåe namni i turboki vitnar på det, men òg den yvergrodde stigen tyder på at det ikkje er mange folk som plar ferdast her.

Attendeturen gjeng på same ruta. Ein kann rekna um lag 3,5 - 4 timar forutan kvilder på denne turen.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Når ein kjem ifrå Egersund, er den stuttaste ruta via Helleland på Fv42 mot Tonstad. Ved Bjørnestad tek ein då av til høgre på Fv3 mot Hovsherad/Moi og fylgjer denne vegen um lag 9 km til ein når startpunktet attmed brui der ein òg kann parkera bilen.

Dette turforslaget er laget og publisert av en privatperson. UT.no er ikke ansvarlig for feil eller mangler i turforslaget, og kan ikke bli holdt ansvarlig for skader eller situasjoner som måtte oppstå hvis du følger denne turen.