Vikestølen, Vikebygd. Via gamle Fjellstien forbi Kleivane.

Publisert av privatperson

Vikestølen, Vikebygd. Via gamle Fjellstien forbi Kleivane.

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Enkel
  • Lengde og varighet
    4,9 km
    1 time
    En vei
  • Sesong
    Hele året

Denne turen går frå fylkesvegen opp til Vikestølen.
Vikestølen var støl for bruka på Vik øvre, og vegen vart i si tid brukt for tilkomst for både folk og dyr.
Det har vore drive stølsdrift på Vikestølen i 2 periodar, første gong på 1800-talet, og seinare i første del av 1900-talet. På Vikestølen vart også det norske flagget heist under dei tunge krigsåra under 2. verdskrigen.
Den turen går via den Gamle Fjellstien forbi Kleivane, denne stien grodde igjen etter 1990, etter at det kom ny veg opp til Vikestølen, som vart bygd med midlar frå Peconor, som vederlag til grunneigarar for nytting av vatn frå Logavatnet til bygging av Peconor-veggen på Dommersnes.
Den Gamle Fjellstien vart rydda og opna opp att i 2016.

Frå fylkesvegen så føl ein skilt mot Vikestølen, etter ca. 500 m, ovanfor der det er be bygd, så tar ein til venstre over ei betongbru, og så til høgre så snart ein er over brua. Her står det eit skilt som markerar starten på Gamle Fjellstien forbi Kleivane, den originale stien starta i underkant av 100m litt lengre nede mot bygda.

Ein føl stien og merkjepinnar igjennom lauvskog i ca. 250 m, til ein kryssar ein traktorveg og går over eit gjerde der det er ein gjerdeklyvar.
Herifrå så stig terrenget slakt oppover igjennom blandingsskog og noko myrlendt terreng i underkant av 400 m til ein byrjar å stiga oppover mot Raudkleiv.
Frå Raudkleiv og oppover så blir det noko brattare, den brattaste delen er opp mot Kleivane, på veg frå Raudkleiv til Kleivane så passerar ein Sjundarehauen.
Den Gamle Fjellstien munnar ut ovanfor inntaksdammen til Vik Kraft, her føl løypa den nye vegen opp til Longavatnet, den gamle stien gjekk om lag der den nye vegen går opp til Longavatnet. Like etter ein kjem ut på den nye vegen i den første kneika på grusvegen, så står det eit skilt som markere ein sjåverdigheit i grøfta på venstre side. Det skiltet markerar ei trulovingsannonse som er gravert inn på eit berg tidleg på 1900-talet. Den er vel verdt å ta ein kikk på.

Når ein er oppe ved Longavatnet så føl ein grusvegen dei neste 2 km, til ein er framme ved Vikestølen.
Den gamle stien frå Longavatnet til Vikestølen gjekk noko nærare vatnet, og ved Feiensbrekkå så gjekk stien på skrå nordaustover og kom opp nord for myra ved Røytetjørn.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Turen startar ved poststativ like att med elva sør for butikken. Her kan ein parkera, om det ikkje er plass der, parker ved kyrkja. Ta av frå E134 ved Isvik og følg vegen mot Vikebygd i ca. 12 km til ein passerar vegen ned til kyrkja, stopp deretter med poststativ ved brua over elva.
Dette turforslaget er laget og publisert av en privatperson. UT.no er ikke ansvarlig for feil eller mangler i turforslaget, og kan ikke bli holdt ansvarlig for skader eller situasjoner som måtte oppstå hvis du følger denne turen.