Rasteplassen Eikefjord - Skreene - Nipevatnet - Strandanipa

Publisert av: Flora Turlag

Rasteplassen Eikefjord - Skreene - Nipevatnet - Strandanipa

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Krevende
  • Lengde og varighet
    14,4 km
    4 timer
    En vei
  • Sesong
    Jun - okt

Frå Rasteplassen krysser du hovedvegen og følg stien og vidare på traktorvegen til Hovlandsstølane.

Frå Hovlandsstølane går du traktorvegen oppover eit stykke til. Fortsett vidare på stien med raudmåla pålar som viser veg vidare. Kryss elva på brua og gå oppover Brekka. Du kjem til elva ved Rindane. Følg denne ryggen vestover til du er rett innanfor ein liten foss. Er fossen stor, følg ryggen litt videre vestover og kryss over to små bekker. Stien følgjer stort sett elva oppover til Nipevatnet.

Frå Nipevatnet gå fram til Skreene på vestsida av vatnet. Fræ Skreene har du fin oversikt over Norddalsfjorden i nord.

Vidare frå Skreene er det delvis merka/umerka sti utover til Flatenipa og vidare til Strandanipa. Du går vestover og opp på ryggen mot Norddalsfjord. Følg denne vestover og opp mot høgdedraget. Deretter er det berre å gå mot toppen. Siste stykket oppover må du klatre opp til Flatenipa og det er best å gå på sørsida. Vidare over til Kvitefjell (Litlenipa), deretter går turen mot Strandanipa.

Frå Strandanipa kan du gå ned til Tonheim eller over til Hovlandsstølane og ned til Rasteplassen i Eikefjord.
Sporet som ligg er her frå turen på Nipenatt og det fortset ned til Tonheimslia via Middagsnipa.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Start frå Rasteplassen i Eikefjord på RV 5