Kjepsostølen

Publisert av: Kvam Turlag

Kjepsostølen

Frå skulen i Ålvik følg "Haugejordet" oppover til vegen sluttar. Her startar T merka løype til Voss. Denne skal du følge til litt forbi Lilletveitstølen. Ver obs på fleire bratte og potensielt glatte svaparti både mellom Haugejordet og Krossfuru, der dei verste er sikra med tau, og vidare på "Langaskarvet" mellom Krossfuru og LIlletveitstølen.

Ved Lilletveitstølen (turboka til ÅIL):

Ny beskrivelse: På same hylla som postkassen fortset rett fram (til høgre/nord-austleg retning i forhold til T merkinga). Følg denne til du kjem inn på stien som kjem frå Lilletveitstølen. Denne traseen vil bli merka.

Det er noko merking vidare, og stadvis er stien tydeleg. Fyrst går du i ein bratt skrent under "svarta" før du dreier 90 grader og fortset austover. Du skal opp i 800moh før du skal sleppa deg nedatt til stølen som ligg på 650moh.

Samme veg tilbake, eller du kan ta stien ned til Kjepso som bla. medfører to lengre parti i stige. Nærare beskrivelse og gps-spor for denne ruta kjem seinare.

Ver oppmerksom på at det går sauer på beite på heile traseen her, som dei fleste andre stader, og at det er båndtvang i Kvam i denne .

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Fv7 til Ålvik. Ta av på Trånavegen og seinare Haugejordet og Skulevegen. Parkering ved skulen.

Adkomst med offentlig transport

Buss til Ålvik.