Kinn Kinnaklova. Rundtur

Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 6,0 km
  • 3 t
  • Rundtur
  • 269 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - mar

Kinnaklova, fjellet med den djupe kløfta. Eit særmerkt fjell viden kjendt og brukt som seglingsmerke langsmed kysten.

Rundturen startar frå rutebåtkaia på øya Kinn. Du tek til venstre bak det kvite huset og går på sørsida av Kinn. Det er merka sti. Stien er ein del av pilgrimsleia / Sunnivaleia som går over Høyskaret og til Kinnakyrkja. 

På denne stien er det QR kodar der ein, ved å bruke ein mobil app, kan lese om dei historiske plassan som ligg langs Sunnivaleia. På sørsida av øya finn ein rester etter eldre busetnad. Det er fin utsikt til Atløya, Tviberg, Alden, Værlandet og Bulandet i Askvoll kommune.

Du går over Høyskaret og nede på flata ser du stien til venstre som går opp i klova. Det er batt opp og det er litt laus grus i stien. Midt i klova går stien over til høgre sida som er lettare å gå. Det er flott å kome opp å sjå Kinnakyrkja i aust og havet i vest. Både i godvær og styggevær er det ei sterk naturoppleving å vere her. 

Det er bratt ned på vestsida, men det er tydleg sti med litt lausmasse av grus og stein. Vel nede kan du gå rundt øya på nordsida (Nordre Stauren) som er vanlegast og best å gå. På stien nordover ser du oppe i fjellet til høgre ein stor hellar som har vore buplass i eldre tid. Stien rundt på nordsida går på svaberg, lyng og gras. Her er det fin utsikt til Ytterøyane fyr. Siste stykket, før ein kjem inn att på den gode stien som går til Kinnakyrkja, kan det vere vått.

Stien går vidare til Kinnakyrkja og derfrå kan du følgje grusvegen til rutebåtkaia omlag 1 km.

På vegen tilbake går du forbi Flora Turlag si ubetjente DNT hytte. Flora Turlag har tatt over det gamle skulehuset på Kinn . Har du lyst på ei natt eller to på Kinn - ta kontakt med Signe Nordvik på telefon: 415 30 520 eller mail: signe.nordvik@gmail.com. Det er kodelås på hytta. Oppdatert informasjon om hytta finn du på ut.no: Kinn ubetjent DNT hytte

Sporet på kartert er gått som ein rundtur.

God Tur!

Adkomst med egen bil

Rutebåt til Kinn

Adkomst med kollektivtransport

Rutebåt
Annonse