Legg til huskeliste
    384
    SjekkUT-besøk

    Annonse
    • 10 sengeplasser
    • Åpen hele året

    Vil du oppleve og bu på øya Kinn, lengst vest i havet ved Florø? Kinn er mest kjent for middelalderkyrkja, Kinnaspelet og fine turmulighet. Det og fantastiske padle moglegheit med Kinn som utgangspunkt. Naturen på den grøne øya heilt vest i havet er heilt unik. Her får du det vide utsynet og solnedgangen i horisonten.

    Beliggenhet

    DNT hytta Kinn ligg på høya Kinn, heilt vest i landet vårt. Du må ta hurtigbåt frå Florø for å komme fram på Kinn. Her ligg huset nærme kaia. 

    Rom

    Det er 10 sengeplassar i 2. etasje på huset. 

    Utstyr

    På hytta er det fult utstyrt kjøkken, skolestove, sovesal på loftet og eit dobbeltrom. Hytta har òg tørkeskap, oppvaskmaskin, kjøleskap og induksjonsovn. Det er dusj og toalett inne i hytta, og eit toalett ved sidan av uteboda. Det er varmepumpe og ikkje vedomn på hytta. Treng du hjelp med bagasje etc er det ei tralle som ståe ved kaia(når den ikkje er i bruk) som kan brukast til det formålet.

    Vatn

    Vi har fått inn eit velfungerande vatnrenseanlegg, så springvatnet kan trygt drikkast!

    Hund

    Hunder skal ikkje inn i hytta.

    Bestilling og betaling

    På denne hytta kan du bestille overnatting digitalt. Då har du førehands tilgang til bestilt sengeplass fram til kl 21.00 på ankomst dag. Om du tar turen uten å ha bestilt, vil det alltid vera moglegheit for overnatting . Hugs å skriv deg inn i hytteprotokollen. Betal dersom du ikkje har bestilt og betalt på førehand. Betalingsinfo finn du på hytta. Det er kodelås på hytta som du får ved bestilling.

    Har du spørsmål eller vil booke heile hytta? Ta kontakt med Signe Nordvik på telefon: 415 30 520 eller mail: signe.nordvik@gmail.com.

    DNT-medlemskap

    Vi har rabatterte prisar til medlem. Meld deg inn i DNT for medlemspris du også. Samstundes støtter du det gode arbeidet som vert lagt ned av DNT! 

    Naturvern

    Hugs alltid sporlaus ferdsel, og lukk grinder etter deg.

    Naturen

    Naturen på den grøne øya heilt vest i havet er heilt unik. Her får du det vide utsynet og solnedgangen i horisonten.

    Historie og anna

    Øya Kinn har ei rik historie med den gamle steinkyrkja, Kinnakyrkja frå 1100-talet som eit høgdepunkt. Segnene om heilagfolket og sankta Sunniva som kom over havet frå vest og stranda på Selja og Kinn, har alltid gjort inntrykk på folket her. Det kjende seglingsmerket «Kinnaklova» ligg vest på øya. På øya ligg den gamle handelstaden i Kinnasundet frå 1600-talet og like ved øya ligg det store havfyret Ytterøyane Fyr som vart bygd i år 1881. Denne DNT hytta er opprinneleg eit skulehus. Her var det skule frå 1920-talet. I 1. etasje var skulestova og på loftet hadde læraren eit rom og kjøkken.

    Kinn inngår som siste stopp på arrangementet øyane over som Flora turlag arrangerar kvar vår i mai. På øya vert også det kjende friluftsspelet «Kinnaspelet» framført gjennom eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane teater og Kinnaspelet. Spelet vert halde 3. helga i juni og det er over 100.000 som har sett spelet til no. www.kinnaspelet.no

    Hytta er stengt helga då Kinnaspelet er, i år er dette 20. juni til søndag 23 juni.

    Denne hytta har fått støtte av overskuddet fra spillemidlene til Norsk Tipping.

    Fasiliteter

    • 220v
    • Dusj
    • Vann
    • Wc

    Passer for

    • Barnevennlig
    Annonse
    Fjordane

    Adkomst sommer

    Ruteopplysningar, tider og kva båtar som går finn du på Kringom.no

    Når du reiser ut til Kinn er det berre å møte opp på kaia i Florø litt før båten går. Ved heimreise frå Kinn må du bestille rutebåt rett etter avgang frå Florø. Då kan dei seie deg når båten vil vere på Kinn. Telefonnummer til båtane er: Øyservice 911 02 900 – Sylvarnes 906 46 095 - Fjordglytt 957 35 77. 

    Frå kaia er det om lag 1 km til hytta på grusa, fin veg

    Adkomst vinter

    Ruteopplysningar, tider og kva båtar som går finn du på Kringom.no

    Når du reiser ut til Kinn er det berre å møte opp på kaia i Florø litt før båten går. Ved heimreise frå Kinn må du bestille rutebåt rett etter avgang frå Florø. Då kan dei seie deg når båten vil vere på Kinn. Telefonnummer til båtane er: Øyservice 911 02 900 – Sylvarnes 906 46 095 - Fjordglytt 957 35 77. 

    Frå kaia er det om lag 1 km til hytta på grusa, fin veg.

    SjekkUT | Kinn

    Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.

    Les mer om SjekkUT
    384

    SjekkUT-besøk