Rundtur til Fossheimstøylen, Høgenipa, Skafonnfjellet, Løkjabottsegga og Nyken

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 12,1 km
  • 8 t
  • Rundtur
  • 860 høydemeter totalt
  • Sesong: Jun - okt

Dette er ein godt tilrettelagt rundtur som tek deg inn i eit av dei vakraste turområda i Jølster. Fossheimsdalen er eit nydeleg dalføre som er fint å oppsøke også for dei som ikkje ønsker å gå på dei høgaste toppane. Fullfører du rundturen vil du undervegs oppleve utsikt til både Kjøsnesfjorden og fjella rundt, Grovabreen og Jølstravatnet.

Turen går i eit område der fjellpioneren William C. Slingsby også besøkte. Han skriv følgjande om opplevinga si; "(...), og vi fikk en av de mest interessante turer jeg har hatt. I lang tid gikk vi på den brede rygg av disse imponerende høyder, og så fire, fem tusen fot ned på det blågrønne vann i denne trolske arm av Jølstervann" (s.162-163, Til Fjells i Norge, W.C. Slingsby, 2004)

Sidan denne rundturen har mange ulike delmål, som alle kan vere sjølvstendige turar, er rundturen skildra med 8 ulike delmål slik at du sjølv kan velje kor langt du vil gå. Rundturen er gradert til å vere ein raud tur. Delmåla til Indre Fossheimsstøylen, Instebotnvatnet og Nyken er gradert som tre individuelle blå turar.

Rundturen er lagt inn med start innover til Indre Fossheimstøylen og Instebotnvatnet. For så å ta seg opp den bratte fjellsida til Høgenipa før ein går vidare over ryggen, som mange kallar "Jølstraegga". Det betyr at du vil gå over fjellryggen med utsikt i retning mot vest. Mange går den også andre vegen. Turen er like fin begge vegar.

Fossheim- Dammen: Skogsvegen har siste åra vore delvis stengt av for biltrafikk. Om vegen er stengt må du starte turen med å gå opp skogsvegen frå Fossheim til Dammen.

Dammen- Indre Fossheimstøylen: Stien er veldig godt merka og tilrettelagt med steinheller over dei våteste partia. Heile vegen går du på sti i søraustlig retning i lett kupert terreng med jamn og enkel stigning fram til støylen. Turen opp til støylen passar for turgåarar i alle aldrar.

Indre Fossheimsstøylen - Instebotnvatnet: Frå Støylen går du i sørleg retning vidare innover dalføret. God sti som er godt merka fører deg med jamn enkel stigning inn til Instebotnvatnet. Turen vidare til Instebotnvatnet passar for turgåarar i alle aldrar.

Instebotnvatnet- Høgenipa: Stien går på nordsida av Instebotnvatnet og tek deg fram til ei bru som fører deg over elvefara som kjem ned fjellsidene. Du har no den svarte fjellveggen til Høgenipa rett sør for deg. Når du nærmar deg enden av dalføret snur stien opp lia, og held fram i sørleg retning opp til skaret mellom Høgenipa og høgda 1170 moh. Du følgjer dette skaret eit kort stykke før du tek til på den bratte fjellsida opp mot Høgenipa. Stien snor seg fint oppover, og det er ingen luftige parti. Du kjem opp på ryggen rett nord for høgda 1269 moh. Hald fram i nordvestleg retning opp til Høgenipa.

Den bratte sida frå skaret og opp til Høgenipa er bratt. Denne sida kan vere undersolt på våren og tidleg sommar, så snøen kan ligge ei stund her. Du skal ikkje gå opp, eller ned, denne fjellsida dersom du må passere snøfonner. Då vil du kunne trenge sikringsutstyr.

Høgenipa- Skafonnfjellet: Hald fram i nordvestleg retning ned frå Høgenipa. Der terrenget flatas litt ut hald du fram i vestleg retning over ryggen. Denne er kupert, så du må ta deg litt ned og opp undervegs fram mot Skafonnfjellet. Her møter du eit stikryss, der den eine stien mot vest fører til Kleivafjellet (sjå tips i lenke).

Skafonnfjellet - Løkjabottsegga: På Skafonnfjellet møter du eit stikryss, der den eine stien mot vest fører til Kleivafjellet og Vikastøylen (sjå tips). Du tek deg ned frå Skafonnfjellet på sti i nordleg retning. Terrenget flatar litt ut, og du held fram i same retning i svak stigning til Løkjabottsegga. Her får du utsikt til Jølstravatnet.

Løkjabottsegga - Nyken: Du går vidare i nordleg retning i lett og fint terreng over ryggen. Siste stykket ned mot Nyken er det eit kortare parti der det er litt bratt. Her er det også nokre våte myrlendte parti.

Nyken- Dammen: Går i nordasutleg retning ned frå Nyken til Dammen. Godt merka sti i myrlendt terreng som kan vere noko vått etter regnfulle periodar. Det er flott utsikt over Jølstravatnet frå Nyken.

Tips

  • Nyken: Om du ønsker deg ein kort utsiktstur er det flott å gå opp til Nyken frå Dammen.
  • Instebotnvatnet: Frå Dammen er det ein enkel tur inn til vatnet utan mykje stigning . Området høver seg derfor godt til telting og overnattingsturar.
  • Instebotnvatnet: Frå vatnet kan du følgje eit dyretråkk som går på den andre sida av elva frå Instebotnvatnet enn det stien frå Indre Fossheimsstøylen gjer. Frå vatnet held du deg sør for elva, og følgjer dyretråkka nedover til Fossheimsstøylen. Det er nokre myrlendte og våte parti undervegs.
  • Høgenipa: I det du kjem opp på ryggen frå den bratte fjellsida er det fint å gå i søraustleg retning ut til høgda 1269 moh. Dette er ein kort avstikkar. Her er utsikta enno meir opa nedover Kjøsnesfjorden enn kva utsikta er frå sjølve Høgenipa.
  • Skafonnfjellet: Her møter du stikrysset der du og kan velje å gå til Kleivafjellet og Vikastøylen. Frå Skafonnfjellet til Kleivafjellet er det omlag 2,5 kilometer t/r og 1,2 km ein veg, og kring 100 høgdemeter. Tid: Omlag 1 time t/r dersom du vel å ta ein avstikker til Kleivafjellet på rundturen din.
  • Løkjabottsegga: Det går å ta seg ned frå Løkjabottsegga mot Fossheimsstøylen. Her er det ikkje sti å følgje, så du bør kunne orientere deg i terrenget på eigahand om du prøver dette. Frå støylen går det sti ned att til Dammen. Denne stien går på motsett side (vestleg side) av elva enn stien opp til Indre Fossheimsstøylen gjer.

Fakta
Rundturen er på omlag 12 km og 900 høgdemeter. Tid: 7-8 timar.
Merk: Om du må gå opp skogsvegen må du legge til 5 kilometer (t/r) og 320 høgdemeter.

  • Fossheim- Dammen: Om skogsvegen er stengt for biltrafikk må du gå (sykle) opp denne. Vegen er på omlag 2,5 km kvar veg (5 km t/r) og 320 høgdemeter. (Tid: 1 -2 timar t/r).
  • Dammen- Indre Fossheimstøylen: Omlag 1,7 km og 230 høgdemeter opp. Tid: 45 min.
  • Indre Fossheimsstøylen - Instebotnvatnet: Omlag 1,3 km og 50 høgdemeter opp. Tid: 30 min.
  • Instebotnvatnet- Høgenipa: omlag 4,3 km og 500 høgdemeter opp. Tid: 2,5-3 timar.
  • Høgenipa- Skafonnfjellet: Omlag 2,2 km. 150 høgdemeter i høgdeforskjell mellom toppane. Kupert rygg der du får litt ekstra høgdemeter. Tid: 1 time.
  • Skafonnfjellet - Løkjabottsegga: Omlag 1 km og 150 høgdemeter ned. Tid: 30 min.
  • Løkjabottsegga - Nyken: Omlag 1,5 km og 300 høgdemeter ned. Tid: 1,5 time.
  • Nyken- Dammen: Omlag 1 km og 200 høgdemeter ned. Tid: 30 min.

Hugs:

  • All ferdsel er på eige ansvar
  • Du kan ferdast fritt i utmark til fots
  • Fri ferdsel skal ikkje vere til skade eller ulempe for andre, eller for plante- og dyreliv
  • Det er bandtvang i Sunnfjord kommune i perioden 1. april – 1. november
  • Der stiane går over innmark og beiteområde må du vise ekstra omsyn, og late att grindane etter deg

Turen er lagt ut av for Indre Sunnfjord Turlag
ved Anne Cecilie Kapstad, redaktør for UT-turar i Jølster

Adkomst med egen bil

Ta av Jølstravegen (E39) ved Skei skule mot Fossheim. Det er nokre få parkeringsplassar der skogsvegen startar. Om det ikkje er plass kan du parkere ved Skei skule.

Skogsvegen opp, der spora for turen startar har vore stengt av i periodar siste to sesongane (2023-2024). Det er oppslagstavle ved bommen. Her finn du informasjon om vegen er open, eller stengt.

Det er venta at vegen er stengt av for køyrande også framover. Du må m.a.o. gå/sykle opp vegen. Vegen er på omlag 2,5 km kvar veg og 300 høgdemeter.

Om bomvegen er open kan du køyre skogsveg opp Fossheimsdalen. Parkering i enden av skogsvegen ved Dammen. Betaling med Vipps.

Adkomst med kollektivtransport

Rutebuss til Skei i Jølster og gå til turstart.

Annonse

on the path