Dette er ein av dei lettast tilgjengelege utsiktstoppane i Jølster. Det er godt merka og skilta sti i jamt stigande terreng heile vegen til topps. På toppen får du utsikt over Jølstravatnet, Våtedalen, Eggenipa, Stardalen og Snønipa. Turen eignar seg godt som langtur for barnefamiliar og fjellvandrarar som likar turar som ikkje vert for bratte.
Frå Dammen går du på god sti i nordaustleg retning opp heile fjellsida. Det er jamn og fin stigning og lettgått terreng heile vegen. Når du kjem opp på ryggen dreiar stien i nordleg retning over ryggen og ut mot toppen av Bolsetnipa.
Merk: Skogsvegen frå Fossheim til Dammen har siste åra vore delvis stengt av for biltrafikk. Om vegen er stengt må du starte turen med å gå opp skogsvegen frå Fossheim til Dammen.
Tips
Fakta
Turen er på omlag 4 km kvar veg og 700 høgdemeter. Tid: 4 timar opp og 6-7 timar t/r.
Merk: Om skogsvegen frå Fossheim til Dammen er stengt for biltrafikk må du gå (sykle) opp denne. Vegen er på omlag 2,5 km kvar veg (5 km t/r) og 320 høgdemeter. Tid: 1 -2 timar t/r).
Hugs:
Turen er lagt ut av for Indre Sunnfjord Turlag
ved Anne Cecilie Kapstad, redaktør for UT-turar i Jølster
Ta av Jølstravegen (E39) ved Skei skule mot Fossheim. Det er nokre få parkeringsplassar der skogsvegen startar. Om det ikkje er plass kan du parkere ved Skei skule.
Skogsvegen opp, der spora for turen startar har vore stengt av i periodar siste to sesongane (2023-2024). Det er oppslagstavle ved bommen. Her finn du informasjon om vegen er open, eller stengt.
Det er venta at vegen er stengt av for køyrande også framover. Du må m.a.o. gå/sykle opp vegen. Vegen er på omlag 2,5 km kvar veg og 300 høgdemeter.
Om bomvegen er open kan du køyre skogsveg opp Fossheimsdalen. Parkering i enden av skogsvegen ved Dammen. Betaling med Vipps.
Ta rutebuss til Skei i Jølster og gå til turstart frå busshaldeplassen.