Heggheimsstøylen er truleg den høgstliggande støylen i Sunnfjord. Den er i alle høve den minst tilgjengelige støylen i Jølster. Støylsturen er ein lang og krevjande tur i bratt og vakkert brelandskap i Stardalen. Før du kjem til støyls må du passere Heggheimsfjellet på kring 1 100 moh. før du skal ned att til 890 moh., der støylen ligg vakkert plassert i enden av det store Støylsvatnet. Det er ei oppleving i seg sjølv å gå i terrenget, og tenke på at bøndene har jaga kyr og sauer opp og ned stien, og at mjølk og ost vart tatt på ryggen ned att til bygda under støylsdrifta om somrane.
Stien vart rusta opp og merka på nytt til fjelltrimpost i 2020. I dette arbeidet har grunneigarane lagt ned eit godt arbeid med merking og skilting av råka. Stien går i bratt terreng der det om vintrane kan rase. Dette medfører at stien kan vere øydelagt, og endra på, i enkelte av områda.
Turen startar på austsida av Tverrelva ved gardane på ytre Heggheim. Første del av ruta går i bratt beitelandskap på vestlige side av Fleterabben. Du går i nordleg retning eit godt stykke oppover lia, på austsida av elva. Ved omlag 300 moh. kryssar du elva og held fram i nordleg retning på vestsida av den. Når du er på rundt 350 moh. dreiar stien litt meir i vestleg retning mot Alkråa, før den dreiar litt mot nordaust inn mot elva igjen og opp til Øvstesveda. Gå nordover på vestsida av Tverrelva opp til omlag 700 moh. Her endrar stien retning og du går vestover eit stykke før stien gradvis går oppover i nordvestleg retning.
Når du er rundt 900 moh. held du fram i vestleg retning inn i gjelet og passerer grova ovanfor Sjølvskotet. Terrenget vert noko mindre bratt mens du held fram på stien i vestleg retning under Heggheimsfjellet, før den går vidare i nordleg retning i skaret mellom Heggheimsfjellet (1 183 moh.) og høgda 1 139 moh. No byrjar nedstigninga på omlag 200 høgdemeter ned til støylen ved Støylsvatnet på 895 moh. Her er det ein del stein og sva, som kan vere glatte å stige på i den undersolte sida. I starten går stien i nordleg retning nedover. Når du er på rundt 1 000 moh. dreiar den litt i nordvestlig retning ned mot enden av vatnet. Gå nokre meter til i nordleg retning og du er på støylen.
Lokalhistorie rundt stien
Det var støylsdrift på støylen fram til 1947. I følgje "Soga om Jølst” har støylen vore på noverande stad sidan 1781, og det blir fortalt at støylen tidlegare låg eit stykke ovanfor det som blir kalla ”Stegane”, det skal ha funnest gamle tufter der. Her har støylen lege utsett til for ras, og det er nok det som har vore årsaka til at ein trekte over fjellet til staden vi i dag kallar Heggheimsstøylen.
For å få dyra til støls vart både mjølkekyr og mindre husdyr jaga opp den bratte fjellsida av bøndene på Heggheim. Når kyrne vart mjølka på støylen vart mjølka boren ned på ryggen i det som vart kalla hylkje. Det høyrer og med til historia at èin svenske, kalla Brikta-Lars, utbetra og sikra stien rundt 1900. Han var då tidas sherpa og la steinheller i dei vanskelegaste partia. Dei ligg der også i dag, og når èin har gjort unna dei verste bakkane passerer èin «kjerringa hans Brikta-Lars», èin stein som står på høgkant, reist av stibyggaren.
Tips
Ein lokalkjent har tipsa om at dersom ein ikkje ynskjer å ta seg ned dei 200 høgemeterane mot støylen, som går over parti med sva og stein, kan ein gå meir vest for der GPS-sporet er lagt. Her er fjellsida meir grasdekt, og det kan vere betre rute å velje dersom det er vått og sleipt.
Der stien går gjennom skaret mellom Heggheimsfjellet ( 1 183 moh.) og høgda 1 139 moh. gir det ekstra utsikt mot m.a. Skei. For å få denne kan du gå via høgdene 1 139 moh. og 1 1 38 moh., passere dei to små fjellvatna, og vidare ut på høgda 1 131 moh. Her har det tidlegare gått ein sti som vert kalla "Kyraråka", og som vart brukt når dyra skulle til støyls.
Sidan du passerer rett under Heggheimsfjellet er det lett å ta seg opp til denne toppen undervegs på støylsturen din. Denne kan du enkelt nå ved å ta deg opp frå skaret like før du tek deg ned mot støylen. Om du ønsker å hauste enno ein topp, kan du frå Heggheimsfjellet ta deg i austleg retning eit godt stykke, og gå opp på Flatjordnova også. Det er flott utsikt frå begge desse toppane.
I dag, etter at bilen er komen, er den lettaste vegen til Heggheimsstøylen å starte ved Egge og Eggestøylen i Gloppen. Her startar du på same staden som turen til Eggenipa, og tek deg inn dalføret til Gåsemyrstøylen og opp bakkane til du kjem til Støylsvatnet. Det kan og vere fint å besøke Heggheimsstøylen dersom du tek rundturen over Eggenipa. På denne runda går du tett på Støylsvatnet slik at eit besøk til Heggheimsstøylen berre er ein liten avstikkar.
Fakta
Turen er på omlag 6,5 km kvar veg og 13 km t/r og 1 100 høgdemeter der stien i store delar går i bratt terreng. Tid: 5 timar opp og 9 timar t/r.
Hugs:
Turen er lagt ut av for Indre Sunnfjord Turlag
ved Anne Cecilie Kapstad, redaktør for UT-turar i Jølster
Ta av Jølstravegen (E39) på Klakegg og køyr mot Stardalen. Ta av og køyr over den vestligaste brua som er skilta mot gardane på Heggheim. Parker slik at du ikkje er til hinder for gardsdrift og private eigedomar.